Fotballfeber i Haugelia barnehage

Fotballfeber i Haugelia barnehage

Det er både fotballfeber og stor songglede i Haugelia barnehage for tida. I dag kom Oskar F. Sandanger på overraskande besøk til barnehagen og “KorMagisk ” -barnehagekoret - fekk framføre VM-songen " No skal det skje" .

«KorMagisk» som er barnehagekoret, gler seg til VM og har øvd på songen «No skal det skje» av Oskar m.fl. Heile barnehagegruppa er ein herleg gjeng som syng av full hals. Dessutan har førskulegruppa med Susann Worren Hauge - kulturskulerektor - lært seg songen på pBuzz. 

Det ljoma høgt rundt barnehagen denne ettermiddagen - til stor glede for både store og små.

Det var stas for barna å få besøk av Oskar - ein ekte forfattar - som visste å få oppstemninga eit ekstra hakk. 

Barna fekk også stille spørsmål og det blei stilt spørsmål om både frisyra hans, kvar han bur og slike spørsmål som berre barn greier å stille. Ei skikkeleg triveleg stund der barna både fekk presentere noko for andre og fekk eit nytt kjennskap til nye menneske - mykje god læring i dette.

-I juni skal vi også ha FotballVM i barnehagen der vi skal ha fotballturnering på «stadion» og spele låta «No skal det skje», i tillegg til nasjonalsangen Ja, vi elsker», seier styrar Lisbeth Nykrem i  Haugelia barnehage. 

Små og store i Haugelia barnehage gler seg til fotballVM i barnehagen - kanskje har vi nye forballtalent i gruppa, som ein gong skal spele for Norge!