Forrykande Feel It skuleshow

Forrykande Feel It skuleshow

Elevane i Sande skulen fekk sjå den etterspurde Feel It førestillinga fredag 1. mars.

Feel It skuleshow Silje S. Mork, Sande kommune

Det var eit forrykande show frå start til slutt. Det var kjekt for elevane å få oppleve dette. Det var laga fint til ved inngangen og det var dekka flott til på borda.  Elevane fekk ein fin velkomst. Konferansier for dagen var Harald Sætre som leia det heile på ein flott måte. Showet var svært variert og godt. Maten vart mellom anna delt ut av dei som stod for  framføringa, innimellom songane. Larsnes helselag hadde laga til maten. Sparebanken Møre bidrog med midlar til mat og skyss.

Feel It  sjølv skildrar showet sitt slik: «Feel It er eit konsept litt utanom det vanlege. Lokale amatørar går saman og skaper eit show sydd saman av av musikk og mat og ikkje minst topp stemning!"

Det har gjennom åra vore omlag 12 000 publikummarar innom på show,  Feel It har til og med hatt eit eige kongeleg show, kalla Feel Royal, til Kongeparet under deira sitt besøk i Møre og Romsdal.

Under skuleshowet fekk konferansier Harald Sætre vist fram sitt talent for tryllekunst og den gode humoren sin. Begge deler slo svært godt an i salen. Han fekk også opp ein lærar på scena.  Dette til stor begeistring for elevane. Dei brølte ut i latter då han hadde ein pappkopp med vatn på hovudet og måtte snu koppen opp ned.

Feel It  hadde eit svært allsidig repetoar og framførte til og med ein rap. Det verka til å vere midt i blinken for elevane som var målgruppa denne gongen. Mot slutten kom elevrådet opp på scena og takka for at dei fekk oppleve dette flotte showet.

Feel It - Klikk for stort bilete
Feel It - Klikk for stort bilete
Feel It - Klikk for stort bilete
Feel It  - Klikk for stort bilete
Feel It - Klikk for stort bilete
Feel It - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Feel It - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Elevar frå Kvamsøya på Feel It skuleshow - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Elev Åse Bonaa Refsnes vart spurd om kva ho synest om showet og gav uttrykk for at det var svært fint og kjekt for elevane.  Ho var fornøgd med showet som ho skildra som fint og kjekt,  og sa vidare at det var mykje musikk ho  kunne frå før så då var det lett å fylgje med.  Det var ei velkomen overrasking for elevane då dei kom tilbake frå vinteferie og fekk vite at Feel It skulle kome på fredag den same veka.  Åse fortalde vidare at elevpulikummet rundt henne klappa ivrig.  Elevane rundt Åse song også godt med på songane og alt i alt var det ei kjekk oppleving for dei. 

Matias Joksch sa følgjande om showet:

-Skal eg vere heilt ærlig så var det 10 ut av 10.  Inngangen var flott og showet godt, og maten var også god. Matias var også positiv til variasjonen i showet.  Han nemnde spesielt rappen som han synest var ekstra god og at det også var variasjon i tema under showet.

Rektor Marianne Solbjørg Ose ved Gursken oppvekstsenter fortalde vidare om førestillinga" Synest det var eit svært bra og flott opplegg.  Dei er så profesjonelle og dyktige på alle mulige måtar, og det er kjekt at vi får lov til å kome hit og at vi er heile Sandeskulen med alle elevane samla.  Vi reiste frå Gursken i dag og tok med oss heile gjengen. Det er faktisk ganske stort. Bussane stod klare og vi kom oss raskt over Drageskaret." 

Ho fortel vidare at dei har gleda seg heilt sidan det var bestemt at Feel It skulle framføre dette skuleshowet. “ At vi får ei slik oppleving som representerer det som skjer i Sande er vi svært glade for.  Det er svært aktivt kultur- og musikkliv her og det er ganske imponerande med tanke på at ein ikkje er så mange innbyggarar i Sande.  Eg er godt fornøgd med både showet og opplegget rundt."

Ei av eldsjelene bak dette, Håkon Vestnes, hadde bursdag denne fredagen. Dette kom fleire for øyre og då stemde heile salen i og song bursdagssong til han.  Dette vart improvisert midt i showet og var eit festleg innslag.