Formannnskapa i Sande og Vanylven var samla til felles arbeidsmøte tysdag 30. april.

Formannnskapa i Sande og Vanylven var samla til felles arbeidsmøte tysdag 30. april.

Tidsaktuelle tema stod på agendaen: Samferdsel, kraftforsyninga og kommunesamarbeid.

Sande Fastlandssamband og Rovdefjordsambandet gav politikarane orientering om status og framtidsutsikter. Både dagleg leiar og styreleiar for begge sambanda var tilstades. Leiar i fylket sitt samferdselsutval, Hans Olav Myklebust, var invitert til møtet. Han svara på spørsmål om desse to samferdselprosjekta, og informerte elles om aktuelle samferdselstiltak (veg/ ferje) i vårt distrikt.

Jostein Korsnes orienterer om status og framtidsutsikter.

 

Oddbjørn Indregård - som er leiar for plan og næring i Sande kommune - orienterte om kraftforsyninga i Vanylven og Sande, og vart supplert av ordførar i Vanylven, Paul Sindre Vedeld. Det er ei utfordring for begge kommunane at kraftlinjene inn til vårt område er for små til at framtidig utbygging av næringslivet kan få den straumen dei har bruk for. Saka enda opp med ei felles fråsegn der politikarane uttrykte stor uro over energisituasjonen i landet generelt og for Sande og Vanylven sitt geografiske område spesielt. Vidare at kommunane ønskjer obervatørstatus i høve til utviklingsarbeidet for området Gursken til Åheim/ Kjøde som pågår/ er planlagt.

 

Til slutt orienterte kommunedirektørane Renathe Rossi Aglen og Andreas Nørve om Statsforvaltaren si utlysing av prosjektmidlar til utgreiing av tiltak innanfor kommunesamarbeid.

Formannskapsmøtemøte 30.april 2024 - Klikk for stort bileteF.v: Renathe Rossi Aglen og Andreas Nørve