Ei viktig satsing i Den Kulturelle Skulesekken
Fredag 6. mars 2026 var det igjen duka for Feel It skuleshow på Landsbyhuset Breidablikk. Dette er tredje året alle elevane i Sande får oppleve sitt eige show gjennom Den kulturelle skulesekken (DKS). Både elevar og tilsette fekk ei felles oppleving fylt av musikk, humor, fellesskap og lokal kraft.
Kulturkonsulent Elin Almestad fortel at Feel It skuleshow er ein sentral del av den lokale DKS‑satsinga i Sande.
– Vi har ein lokal plan for DKS gjennom heile skuleåret. Her samarbeider ei eiga DKS‑gruppe som består av meg, kulturskulerektor Susann Worren Hauge og representantar frå kvar skule, seier Almestad.
Ho forklarer at Feel It er eitt av tre faste satsingsområde gjennom året, saman med animasjonsverkstad og dans med Nathalie.
– Vi er utruleg heldige i Sande som har så mange ressursar og frivillige som stiller opp. Mange tek seg faktisk fri frå jobben for å vere med. Dette er tredje året alle elevane får dette tilbodet, og det betyr mykje for heile kommunen, seier ho.
Eit stort frivillig apparat
Almestad trekkjer spesielt fram kva frivillig innsats betyr for arrangementet:
– I dag møter elevane eit stort apparat – både dei som står på scena, dei som jobbar rundt og ikkje minst Helselaget på Larsnes. Frivilligheita er heilt avgjerande for eit levande lokalsamfunn, og i Sande har vi heilt fantastiske folk som stiller opp, seier ho.
Feel It- skuleshow 2026
Silije S. Mork
Feel It- skuleshow 2026
Silje S.Mork
Stine Brune Lillebø på Feel It -skuleshow 2026.
Silje S.Mork
Humor, energi og god stemning
Konferansier Harald Sætre
Silje S. Mork
Konferansier Harald Sætre stod for mykje av underhaldninga mellom innslaga. Han viste triks med alt frå egg og ballongar til pizza. Før maten vart servert, smilte han lurt frå scena og sa at alle måtte ete fire pølser før dei fekk gå laus på snacksen – noko som skapte latter i salen.
Tre elevar frå 10. klasse – Tuva Ekroll Riborg, Linni Voldnes og Marie Aarvik Godø – takka for showet frå scena.
Marie delte også nokre ord om kva dagen hadde betydd for henne.
Tre elevar frå 10. klasse – Tuva Ekroll Riborg, Linni Voldnes og Marie Aarvik Godø
Silje S. Mork
Tre elevar frå 10. klasse – Tuva Ekroll Riborg, Linni Voldnes og Marie Aarvik Godø
Silje S.Mork
– Ei perfekt pause i skulekvardagen
Marie fortel at dagen var både fin og viktig:
– Det var kjekt å få ei pause i skulekvardagen og gjere noko heilt anna. Dei har laga det så fint til, og Helselaget har hjelpt mykje til. Det var veldig gøy å vere på Feel It, seier ho.
Ho hadde òg ein klar favoritt:
– «Optimist» av Jahn Teigen. Den songen har vore ein stor del av klassemiljøet vårt gjennom åra.
Marie fortel at ho gjerne ville vere med å takke fordi ho og dei andre elevane sette stor pris på innsatsen bak arrangementet.
– Alt var bra – stemninga, musikken, maten. Kombinasjonen av konsert og mat var heilt perfekt, seier ho.
Ho håper at dette ikkje blir siste gong:
– Eg håper det blir fleire gongar. Det trengst slike avbrekk, spesielt på ungdomsskulen der det kan vere litt stress innimellom.
Ei felles oppleving for alle skulane
Rektor ved Gursken skule, Marianne Solbjørg Ose, var også imponert.
– Ei flott oppleving, og kjekt å få kome. Det var ei god og samla økt, med god tilrettelegging både for skyss og mat. Ei skikkeleg fin felleskapsoppleving, seier ho.
Feel It skuleshow 2026 blei ein festdag for alle elevane i Sande – eit møte mellom kultur, fellesskap og lokal kraft.