Fin markering ved Gursken oppvekstsenter
Under kan du sjå nokre glimt frå markeringa ved Gursken oppvekstsenter 8. mai.
Gursken oppvekstsenter
Torsdag var det ei fin samling ved Gursken oppvekstsenter. Leiar og nestleiar i elevrådet starta med å leggje ned blomar. Deretter eit minutt stilllheit. Programmet elles omfatta fin song frå elevane. Dei song “Det går et festtog gjennom landet”. 5- 7 klassingar las " Til ungdommen" av Nordahl Grieg.
Rektor heldt tale og minna oss på at vi aldri må gløyme historia. Ho understreka kor viktig det er å ta vare på kvarandre og vere takksame.
Markeringa vart avslutta med nasjonalsongen «Ja, vi elskar».
Gursken oppvekstsenter
Gursken oppvekstsenter
Gursken oppvekstsenter