Fin førjulstid ved Kvamsøy skule
Det har vore ei triveleg førjulstid på Kvamsøy skule. Tysdag hadde skulen julefest, der elevane framførte eit flott program.
Anne Støylen og Kari Ristesund
Kvamsøy skule
Torsdag deltok dei på julegudsteneste på Nova, før dei hadde juleverkstad ved skulen. Tradisjon tru så kom Helselaget med julegraut, og alle vart mette og god - tusen takk til dei for innsatsen!
I dag er siste skuledag før ferien. Vi ønskjer alle ein god juleferie og eit riktig godt nytt år!
Trine-Lise Auflem Vik
Trine-Lise Auflem Vik
Publisert 19.12.2025 09:28