Fellesskap og vinterglede på Hallevatnet

Fellesskap og vinterglede på Hallevatnet

Fredag 30. januar 2026 hadde elevane ved Larsnes skule ein minnerik vinterdag på Hallevatnet i Sande kommune. Heile skulen deltok, og isen la til rette for både leik, meistring og gode opplevingar i lag.

Rektor Camilla Auflem Vik fortel at slike turar betyr mykje for elevane – både no og for framtida.

– Det er kjempeviktig at elevar får slike opplevingar. Dei skaper minne, fellesskap og tilknyting til heimplassen. Det handlar om å vere i lag og bli kjende med lokalmiljøet sitt, seier ho.

Tradisjon og gode minne

-For fleire er Hallevatnet ein viktig del av oppveksten. Under eit FAU-møte tidlegare i veka så delte ein av foreldra sine eigne minne frå skøyteturar på vatnet då han var barn.

– Det er noko med å føre tradisjonar vidare. Vi må bruke dei flotte områda vi har her. Dette kan ikkje få lov til å ligge ubrukt. Det er heilt fantastisk, seier Vik.

 Fellesskap på tvers av alder

Ei av dei største gledene denne dagen var å sjå korleis elevane tok vare på kvarandre.

– Dei store er så flinke til å hjelpe dei små. Dei hjelper med å få på skøyter og med å kome seg trygt over isen. Slikt byggjer ein eit sterkt fellesskap, fortel rektoren.

 

Skøytedag på Hallevatnet - Klikk for stort bileteCamilla Auflem Vik Silje S. Mork

Ein dag med leik, varme og friluftsliv

Opplegget for dagen var lagt opp på ein enkel og fri måte. Dei eldste elevane fekk starte litt tidlegare på isen, før dei yngste kom etter. Resten av dagen fekk elevane leike seg, gå på skøyter og kose seg i sitt eige tempo.

Skulen hadde med bålpanne, slik at barna kunne varme seg og lage litt mat undervegs. Elevane tok pauser når dei sjølve ville.

– Vi tek dagen som den kjem. Det handlar om å vere ute, oppleve noko saman og bruke nærområdet vårt, seier Auflem Vik.

 

Tryggleik først

Skulen hadde klare reglar for tryggleik på isen. Alle måtte bruke hjelm – også dei vaksne, seier Auflem Vik.

– Ingen går ut på isen utan hjelm, så då må eg gå med hjelm sjølv òg, smiler rektoren.

I forkant hadde lærarane gått gjennom kvar det var trygt å ferdast. Eit avgrensa område på isen var definert, og elevane viste stor respekt for grensene.

– Det aller viktigaste er at både store og små er trygge, legg Auflem Vik til.

Skøytedag ved Hallevatnet - Klikk for stort bileteSkøytedag på Hallevatnet Silje S. Mork

 

Eit inkluderande nærmiljø

Fleire av elevane kjem frå andre stader, og rektoren løftar fram kor viktig det er at dei får oppdage kommunen dei bur i.

– Det er viktig at vi viser ungane kommunen dei bur i, og kva som finst her. Vi vil gi alle moglegheita til å delta. Fellesskap og inkludering er kjempeviktig, for det skaper røter. Og det er dette dei vil hugse, avsluttar Auflem Vik.