Feiring av dei nye ferjekaiene

Feiring av dei nye ferjekaiene

I dag, 27.mars, inviterte fylkeskomunnen til offisiell opning av dei fire nye ferjekaiene i rute 1066 ved Larsnes ferjekai. Der var god musikk, talar og snorklipping samt servering av kaffi og kaker i det nyoppussa lokalet til Larsnes IL ved ferjekaia. 

Dei flotte musikkinnslaga var det Gursken skulekorps, Gursken brass og Sandsøya hornmusikk som stod for. Dei skapte ei fin stemning på opningsmarkeringa.

Samferdselsdirektør i fylkeskommunen, Jesper Wiig, ønskte velkomen og leia markeringa. Fylket var elles representert ved fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen, prosjektleiar Hans Rune Paulsen og leiar av samferdselsutvalet Hans Olav Myklebust.

Fylkesvegsjef Tønnesen om prosjektet 

I talen sin fortalde Tønnesen om prosjektet som hadde ei kostnadsramme på 311 milionar og vart gjennomført utan forseinkingar. Han gav ros til deltakarane i prosjektet frå fylket, utbyggaren Aurstad Tunnel og dei tilsette på ferja som har teke dei utfordringane som fylgde med. Tønnesen framheva også dei utfordringane det innebar for dei reisande på grunn av ruteendringar og utkutting av anløp. Men det har vore eit omfattande arbeid og Tønnesen fokuserte også på at ferjekaier er komplekse konstruksjonar som krev sitt.'

Fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen held tale - Klikk for stort bileteFylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen Silje S. Mork /Sande kommune

Prikken over i-en manglar

Ei anna utfordring som Tønnesen peikte på, var humpen på Larsnes kaia som har utgjer eit problem for større bilar. Dette vil bli retta på så snart asfaltsesongen er i gong, ifølgje Tønnesen.

 Vaagen og Moen om prosjektet og lokale ønske

Ordførar Dag Vaagen rosa utbyggarane og var imponert over at trafikken hadde vore i gong, medan ferjekaiene vart bygde. Vaagen fokuserte vidare på at kommunen og bygdene har hatt ein fin dialog med fylket i utbyggingstida. Men han nytta anledninga til å understreke det lokale ønsket om ei B-ferje som kortar ned ventetida. Dette sidan ein, trass i dei nye kaiene, har avgangar berre annan kvar time. Vaagen viste elles til at næringslivet i ytre Sande går godt og med dei utbyggingane som er i gong, vil det føre med seg eit aukande behov for hyppigare avgangar.

Ordførar Dag Vaagen - Klikk for stort bileteOrdførar Dag Vaagen Silje S. Mork /Sande kommune

 

Samferdselspolitikar Nils Olav Moen var fornøgd med at ferjekaiene både var blitt svært gode og framtidsretta. Moen var også tilfreds med at Årvik ferjekai hadde fått ny oppstillingsplass. Han meinte vidare at det burde gjerast noko med dei tronge forholda på oppstillingsplassen på Larsnes. Samferdselpolitikar Moen håper óg at ein får gjort noko på Voksa der det er vanskeleg for tyngre køyrety å snu og vende. Han avsluttar med at det er blitt eit fantastisk anlegg og han gratulerer med anlegget.

Nils Olav Moen - Klikk for stort bileteNils Olav Moen Silje S. Mork / Sande kommune

 

f.v Dag Vaagen, Hans Olav Myklebust og Nils Olav Moen. - Klikk for stort biletef.v Dag Vaagen, Hans Olav Myklebust og Nils Olav Moen. Silje S. Mork / Sande kommune

Snorklipping og tale ved Hans Olav Myklebust

Hans Olav Myklebust, leiar i samferdselsutvalet, var den som klipte snora, assistert av ordførar Vaagen og samferdselspolitikar Moen frå Vanylven. Myklebust framheva at nye ferjekaier og god kommunikasjon er viktig for området og ikkje minst fordi aktiviteten i næringslivet er høg.

 

Ros til ferjemannskap frå samferdelsdirektør Jesper Wiig

 Wiig rosa også ferjemannskapa og uttrykte seg slik:

-Eg synest det er fint at mannsskap frå Norled er her i dag. De gjer ein fantastisk jobb, og det er fint at de har fått betre materiell til hjelp i arbeidet og for det viktige samfunnsoppdraget de har. De er limet i området her ! 

Jesper Wiig overrekte så blomster til ferjemannskapet frå Norled som var til stades.

Wiig som leia opningsmarkeringa, var også den som gav blomster til ordførar Vaagen og dei prosjektansvarlege, både til utbyggar og fylket sine deltakarar, inkludert politikarar.

Jesper Wiig ,samferdselsdirektør i fylket, overrekk blomster til Daniel Breivik. Silje S. Mork / Sande kommune f.v. Lars Kristian Oksavik, Svein Nerland, Åge Rusten, Daniel Breivik - Klikk for stort bileteJesper Wiig overrekte blomster til ferjemannskapet frå Norled som var til stades. f.v. Lars Kristian Oksavik, Svein Nerland, Åge Rusten, Daniel Breivik Silje S. Mork / Sande kommune Wiig helsar på ferjemannskapet - Klikk for stort bilete Silje S. Mork / Sande kommune