Jørn Velle Moldskred
Silje S. Mork | Sande kommune
Her finn du svar på dei viktigaste spørsmåla:
Kvifor vurderer vi å samle bebuarane i éi etasje?
Vi ønskjer å bruke personalet og ressursane meir effektivt. Å samle bebuarane kan gi betre oversikt, meir tryggleik og lettare tilgang til hjelp. Vi har fått tilbakemelding frå tilsette om at kvardagen kan vere krevjande, og vi ser behov for tiltak som kan gjere arbeidsdagen betre – utan at det går utover kvaliteten for brukarane. Dette kan òg frigjere meir tid til kvardagsaktivitetar, som å ta med bebuarane ut i sansehagen.
Er det bestemt at flyttinga skal gjennomførast?
Nei. Dette er noko vi vurderer no, og vi ønskjer å få innspel frå både tilsette og andre det gjeld før vi bestemmer noko. Vi har derfor framskunda eit personalmøte, slik at vi kan lytte til erfaringar, forslag og bekymringar.
Kva med bebuarar med demens?
Personar med demens har spesielle behov, og dei skal alltid ha eit tilrettelagt og trygt tilbod. Dersom endringa blir gjennomført, vil det framleis vere eit skjerma område med rolege omgjevnader og tilpassa tiltak – slik som i dag.
Kvifor reduserer vi talet på sjukeheimsplassar?
Fleire eldre bur lenger heime, og mange ønskjer nettopp det. Samtidig er kostnadene høge, og vi må sørge for å bruke ressursane våre på ein måte som gjer at vi kan gi gode tenester – også i framtida. Reduksjonen i plassar skjer gradvis og i takt med behova. Endringa er òg i tråd med nasjonale mål, som den statlege «Bu trygt heime»-satsinga.
Blir det færre tilsette?
Ja, men først når det faktisk blir færre bebuarar. Endringane skjer stegvis og planlagt. Det blir ikkje færre tilsette per brukar enn før – tvert imot. Vi ønskjer å gi meir tid til den enkelte.
Kva skjer med heimetenestene?
Heimetenestene skal styrkast etter kvart som fleire bur heime. Vi bygger opp kapasiteten etter behov – slik at alle får den hjelpa dei treng, der dei bur.
Korleis tek kommunen omsyn til tilsette og pårørande?
Vi har jamleg dialog med tilsette, leiarar og pårørande. Vi lyttar til erfaringar og bekymringar, og ønskjer ei open og trygg prosess der alle skal bli høyrde. Endringane skal vere godt planlagde og fagleg forsvarlege.
Vi ønskjer å tilby ei eldreomsorg som er trygg, god og berekraftig – no og i framtida.
Endringar skjer ikkje for endringa si skuld, men for å sikre at vi har dei beste føresetnadene for å ta vare på dei som treng oss – på ein måte som er både klok og omsorgsfull.