Endring av syn-og høyrselskontakt i Sande kommune

Endring av syn-og høyrselskontakt i Sande kommune

Det er gjort ansvarsendring knytt til syn- og høyrselkontakt i Sande kommune. Tenestane ligg no til vår ergoterapeut, Rebecca Høydalsvik.

Høreapparat i barnehender - Klikk for stort bilete Shatishira, Pixabay

Syn- og høyrselskontakt i ei kommune er eit tiltak i tråd med ein samarbeidsavtale mellom NAV hjelpemiddelsentral og kommunene knytt til folketrygdlova. Målet for tenesta er at dei med syn-og høyrselstap, i den grad dei oppfyller kriteria for hjelpemiddel frå NAV hjelpemiddelsentral, skal få rett hjelpemiddel, opplæring og oppfølging. I tillegg bidreg syn- og høyrselskontakta med råd og rettleiing.  

Ergoterapeut i Sande kommune, Rebecca Høydalsvik. - Klikk for stort bileteErgoterapeut i Sande kommune, Rebecca Høydalsvik. Privat

Ein kan sjølv ta kontakt ved behov for kartlegging. Kartlegginga skjer i heimen din eller på kontoret til ergoterapeut ved Sandetun omsorgssenter. Tenesta er gratis, men tiltak som blir anbefalt kan utløyse ein kostnad.

Høyrselkontakta bidreg med hjelpemiddel knytt til høyrselstapet ditt eller til høyreapparat, men gjer ikkje innstillingar på høyreapparat, sender ikkje inn høyreapparat til reparasjon eller gjer dagleg reinhald/bytte av delar knytt til høyreapparatet.  

Les meir om hjelpemiddel her

 

Praktisk bistand høyrsel

Den tredje torsdagen kvar månad, kan du få gratis rettleiing og hjelp frå høyrselhjelparane i lokallaget av HLF - Hørselhemmedes Landsforbund. Dei har fast møteplass ved rådhuset på Larsnes mellom klokka 11.00–13.00. Her tilbyr dei samtale, erfaringsutveksling, råd om stell av høyreapparat og sal av batteri og rekvisita. 

Kontakt

Rebecca Høydalsvik
Ergoterapeut