AnnRos -Pixabay
Skjenkestadar med fast løyve må søkje om utvida skjenketider dersom dei vel å overføre fotballkampar frå fotball-VM 2026 på skjenkestaden sin. Dei må søkje om dette på
Søknad om serverings- og skjenkeløyve
Om det er andre som vil søkje om skjenkeløyve for einskildhøve eller ambulerande løyve for arrangement med overføring av fotballkampar inne, skal dei bruke
Skjenkeløyve for einskildhøve eller ambulerande løyve
Merk! I søknadane må det klart kome fram kva dato/ datoar søknad om utvida skjenketid gjeld.
Søknadsfrist:
Du må sende inn søknad i god tid - og seinast 19.juni (dette grunna ferieavvikling i administrasjonen).
Kommunestyre-vedtaket:
"Sande kommunestyre gir dispensasjon frå reglane i Alkoholpolitisk handlingsplan for 2024 - 2028, og vedtek mellombels endra maksimaltid for skjenking av alkoholhaldig drikk inntil kl 06.00, med tilsvarande opningstider, i heile perioda fotball-VM for herrar 2026 varer, 11. juni til 19. juli 2026. Dispensasjonen gjeld for alle dagar det vert sendt fotballkampar frå VM.
1. Endra maksimaltid gjeld berre for skjenking av alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2.
2. Endra maksimaltid gjeld berre for skjenkestadar som viser direktesende kampar i fotball-VM 2026 innandørs for staden sine gjestar.
3. Endra maksimaltid er ikkje generell for alle skjenkestadane i kommunen, og skjenkestadar som ønskjer endra maksimaltid og opningstid må søke om dette. Kommunedirektøren vert gitt mynde til å avgjere desse søknadane.
Heimel: Alkohollova § 4-4 nytt niande ledd, og kommunen sin alkoholpolitiske handlingsplan."