Detaljregulering Gjerdsvika næringsområde, samleveg - vedtak

Detaljregulering Gjerdsvika næringsområde, samleveg - vedtak

Sande kommune har gjennomført detaljregulering ved Gjerdsvika næringsområde. Føremålet med planarbeidet var å oppgradere eksisterande veg og forlenge Moljevegen, for å betre tilkomst til naustområde/småbåthamn aust for planområde.

Kart for Detaljregulering Gjerdsvika næringsområde, samleveg. - Klikk for stort bileteKart for Detaljregulering Gjerdsvika næringsområde, samleveg. Kart

Kommunestyret i Sande kommune gjennomførte følgjande sluttvedtak i møte den 9. desember i 2025 i sak 124/25 etter høyring:

«Detaljregulering Gjerdsvika næringsområde, samleveg" (Moljevegen) vert godkjent i samsvar med plan og bygningslova §12-12, med dei endringane som ligg føre i merknadshandsaminga etter 1. gong høyring.»

 

Saksframlegg og vedlegg i saka finn ein på denne sida. 

 

Grunneigarar/festarar og naboar i planområdet vert varsla med brev om vedtaket, samstundes som ei orientering vert lagt ut i avisa Vestlandsnytt.

Høyringssvar og frist

Ei eventuell klage på vedtak skal sendast gjennom skjema https://skjema.sande.kommune.no/skjema/SAN028/Enkeltvedtak__Klage. Merkast «Detaljregulering Gjerdsvika næringsområde, samleveg- Sluttvedtak-Klage».  Saksnr. 24/1279.

Eller per post til: Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes

Frist for klage er sett til måndag 12. januar 2025.