Detaljplan Gjerdsvika næringsområde, samleveg – varsel om oppstart av planarbeid

Detaljplan Gjerdsvika næringsområde, samleveg – varsel om oppstart av planarbeid

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-1, 12-3 og 12-8 blir det med dette varsla om igangsetjing av kommunal detaljregulering for del av eigedomen gbnr. 5/8 med fleire i Sande kommune. Sande kommune er forslagsstillar og OSE AS er plankonsulent for planarbeidet.

Oversikts kart - Klikk for stort bilete Illustrasjon kart

Lokalisering

Planområdet er i Gjerdsvika, ved nordre næringsområde/molo, og det femnar om Moljevegen, 26–50 og Gjerdsvikvegen 402, tilkomst naustområde. 

 

PDF-filer som gjeld denne høyringa:

DP Gjerdsvika næringsområde, samleveg - plangrense_regplan (PDF, 3 MB) 

DP Gjerdsvika næringsområde, samleveg - plangrense_komplan (PDF, 5 MB)

DP Gjerdsvika næringsområde, samleveg - plangrense_flyfoto (PDF, 3 MB)

 

DP Gjerdsvika næringsområde samleveg - plangrense_flyfoto - Klikk for stort bileteDP Gjerdsvika næringsområde samleveg - plangrense flyfoto OSE

Mål med planarbeidet

Målet med planarbeidet er:

  • Å oppgradere eksisterande veg, Moljevegen
  • Forlengje Moljevegen slik at naustområde/småbåthamn får betre tilkomst
  • Sikre ny veg mot havnivåstigning og stormflo
  • Endre kommuneveg i aust, fjerne, regulere til gang- og sykkelveg, og/eller beredskapsveg.
  • Vidareføre eksisterande avkøyrsler til Moljevegen

Planområdet

Planområdet består av del eigedomane gbnr. 5/1, 2, 6, 7, 8, 10, 14, 20, 21 og 6/2, 21, 52, 76, 198 og er på om lag 20 daa (dekar). Avgrensinga av planområdet kan bli endra før planen blir lagt ut til offentleg ettersyn. 

Planområdet Gjerdsvika - Klikk for stort biletePlanområdet Gjerdsvika OSE

Planstatus

Overordna plan

I arealdelen for Sande kommune har planområdet utbyggingsformål; veg, næring og naust. Eksisterande kommunal veg Gjerdsvika er sett av med vegline over LNF areal (landbruks-,natur-og friluftsområde). Reguleringsplanen for området skal gjelde før kommuneplanen sin arealdel, jamfør omsynssone H910 – reguleringsplan skal framleis gjelde. Reguleringa vil få konsekvensar for naustformål.

Regulering

Planområdet er regulert. Planområdet er regulert til veg, molo, kontor/industri og industri/lager.

Det er ikkje anna reguleringsarbeid i nærområdet.

Dispensasjon/vedtak

Det er ikkje gjeve dispensasjonar/vedtak som påverkar planarbeidet.

Konsekvensutgreiing

Etter § 6b skal reguleringsplanar alltid KU-vurderast (vurdering av konsekvensar for miljø og samfunn) etter tiltak i vedlegg I. Planlagt tiltak i reguleringsplanen vil vere vidareføring av regulert veg og liggje innanfor areal sett av til utbyggingsformål.

Etter § 8 skal planar KU-utgreiast dersom dei får vesentleg verknad for miljø og samfunn og tiltak i vedlegg II. Planlagde tiltak etter ny reguleringsplan, endring/oppgradering av eksisterande veg, og ny veg på om lag 160 m, med relativt lite trafikk og låg fartsgrense, vert vurdert til å ikkje medføre vesentleg verknad for verken miljø eller samfunn.

Etter ei samla vurdering blir det vurdert at planarbeidet for Gjerdsvika næringsområde, samleveg, ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing eller planprogram.

Informasjon og medverknad

Det vil bli sendt varsel om oppstart til naboar og gjenbuarar, kunngjering i lokal avis og på nettet, i samsvar med pbl. § 12-8. For nærmare informasjon ta kontakt med OSE, mob. 974 89 987,  eller e-post plan@oseing.no. Reguleringsarbeidet blir vurdert til å gje ulemper for naboar. Det blir difor lagt opp til medverknadsmøte i samband med oppstart av planarbeidet.

Det blir invitert til møte 12.12 kl. 20 – 21 på Fredtun i Gjerdsvika, for orientering og spørsmål om planarbeidet.

 

Høyringssvar og frist

Merknadar/høyringssvar må vere skriftleg.

Du kan skrive ditt høyringssvar her.  Merk med saksnummer: 24/1279

Sande kommune på e-post postmottak@sande.kommune.no  eller

Sande kommune

Rønnebergplassen 17,

6084 Larsnes

Viktig å merke skrivet med «Detaljplan Gjerdsvika næringsområde, samleveg – Merknad»

Frist for merknadar/høyringssvar vert sett til 27.12.2024.

 Alle mottekne dokument og merknadar skal følgje planframlegget ved offentleg ettersyn.

 

Vidare sakshandsaming

Etter at meldingsfristen er ute vil plandokumenta bli utarbeidde for deretter å bli sendt kommunen for sakshandsaming. Etter handsaming i kommunen blir plandokumenta lagde ut til offentleg ettersyn. Det vil då bli høve til å kome med merknadar til planframlegget før vidare politisk handsaming og vedtak.