OSE
Lokalisering
Planområdet ligg langs Nøresande, vest for Sandshamna.
OSE
PDF-filer som gjeld denne høyringa:
DP Bustad Sandshamn, utviding - plangrense flyfoto (PDF, 3 MB)
DP Bustad Sandshamn, utviding - plangrense (PDF, 3 MB)
DP Bustad Sandshamn, utviding - plangrense komplan (PDF, 5 MB)
DP Bustad Sandshamn, utviding - plangrense regplan (PDF, 8 MB)
Planområdet Bustad Sandshamn (PDF, 2 MB)
Mål med planarbeidet
Målet med planarbeidet er å
- leggje til rette for nye bustadtomter med tilhøyrande funksjonar
- sikre tilstrekkeleg areal for kommunal veg/tekniske anlegg
- flytte/kable kraftlinje som går gjennom planområdet
- Finne avbøtande tiltak for bruk av vestleg del av planområdet.
Tilkomst til bustadfeltet er lagt opp til vere frå eksisterande bustadfelt.
Planområdet
Planområdet består av eigedomane (del av) gbnr. 73/11, 20, 47, 98, 152 og er på om lag 28 daa (dekar). Avgrensinga av planområdet kan bli endra før planen blir lagt ut til offentleg ettersyn.
Planstatus
Overordna plan
I arealdelen for Sande kommune har planområdet formål bustad og LNF (landbruk, natur og friluftsområde). Det ligg omsynssone-fare over delar av planområdet – kraftline.
Regulering
Planområdet er delvis regulert. For sørleg del av planområdet er det regulert til bustad. Nordaustleg del av planområdet er regulert til landbruk, men overstyrt av kommuneplanen sin arealdel til bustad, B24. Vestleg del av planområdet er ikkje regulert. Det er ikkje pågåande regulering ved planområdet.
Dispensasjon/vedtak
Det er ikkje gjeve dispensasjonar/vedtak som påverkar planarbeidet.
Konsekvensutgreiing (KU)
Etter § 6b skal reguleringsplanar alltid KU-vurderast etter tiltak i vedlegg I. Planområdet er delvis i samsvar med overordna plan. Areal som ikkje er sett av til bustadformål er på om lag 14,5 daa (dekar), det blir ikkje lagt opp til å regulere heile dette arealet til bustadformål, truleg berre om lag 12 daa (dekar). Rettleiaren til forskrift om konsekvensutgreiing opnar for at areal under 15 daa som ikkje er i samsvar med overordna plan til bustad/fritidsbustad kan gjennomførast utan krav om konsekvensutgreiing. Det blir difor vurdert at det ikkje er krav om KU etter vedlegg I for denne planen.
Etter § 8 skal planar KU-utgreiast dersom dei får vesentleg verknad for miljø og samfunn og tiltak i vedlegg II. Planlagde tiltak vert vurdert å ikkje gje vesentleg verknad for verken miljø eller samfunn.
Etter ei samla vurdering blir det vurdert at planarbeidet for Bustad Sandshamn, utviding ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing eller planprogram.
Oppstartsmøte med kommunen
Det vart halde oppstartsmøte med kommunen 05.11.2024, med følgjande hovudpunkt:
- Justering av plangrense mot sør
- Flytting av kraftline
- Tilkomst
- Avbøtande tiltak for bruk av vestleg del av planområdet, eventuell endra arealbruk for bustadområde sør for planområdet.
Informasjon og medverknad
Det vil bli sendt varsel om oppstart til naboar og gjenbuarar, kunngjering i lokal avis og på nettet, i samsvar med pbl. § 12-8. For nærmare informasjon ta kontakt med OSE, mob. 974 89 987 eller e-post plan@oseing.no. Reguleringsarbeidet blir vurdert til å gje ulemper for naboar. Det blir difor lagt opp til medverknadsmøte i samband med oppstart av planarbeid.
Det blir invitert til møte 12.desember kl. 16 – 17 på Fiskarheimen, for orientering og spørsmål om planarbeidet.
Høyringssvar og frist
Høyringssvar må vere skriftleg.
Du kan skrive ditt høyringssvar her. Merk med saksnummer 24/1281
Viktig å merke skrivet med: Detaljplan Bustad Sandshamn - Merknad.
Sande kommune på e-post postmottak@sande.kommune.no eller til adressa:
Sande kommune
Rønnebergplassen 17,
6084 Larsnes
Frist
Frist for merknadar vert sett til 27.12.2024.
Alle mottekne dokument og merknadar skal følgje planframlegget ved offentleg ettersyn.
Vidare sakshandsaming
Etter at meldingsfrista er ute vil plandokumenta bli utarbeidd for deretter å bli sendt kommunen for sakshandsaming. Etter handsaming i kommunen blir plandokumenta lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då bli høve til å kome med merknadar til planframlegget før vidare politisk handsaming og vedtak.