Det er varsla svært høg vasstand laurdag og natt til søndagMeteorologisk institutt varslar om oransje farevarsel for svært høg vasstand i fylket. Laurdag (16.nov) og natt til søndag (17.nov) er det venta to omgangar med svært høg vasstand. Les meir om varselet her: https://www.met.no/nyhetsarkiv/oransje-farevarsler-om-svaert-hoy-vannstand-i-more-og-romsdal-og-trondelagFor Møre og Romsdal er vasstanden oransje nivå frå laurdag morgon til og med natt til søndag. I tillegg er det på laurdag kl.11.00-20.00 varsla kraftige vindkast på gult nivå i fylket. Vind og bølgjer i kombinasjon med høg vasstand kan gje moderate skader på infrastruktur og bygg i strandsona.Les meir om varselet her: Varsel fra Meteorologisk Institutt for Ytre strøk av Møre og Romsdal og Trøndelag | Varsom.noPå grunn av høge bølgjer, rår vi til å vere forsiktig om du ferdast i strandsona. Sjekk fortøyingane til båten og at lause gjenstandar i strandsona er sikra. Met.no Publisert 15.11.2024 07:00 Sist endra 15.11.2024 13:37