UKM (Ung Kultur Møtes) er ei kulturmønstring for alle unge med ulike kunstformer ein driv med. Mange talentfulle ungdommar leverte innslag på høgt nivå. Sceneshowet inneheldt innslag som musikk og song, dans, animasjonsfilm og drill. Sistnemnde var nytt av året.
Skal til landsfestivalen i Trondheim i juni
Sonidos del sol som skal til landsfestivalen i år, opna med eit strålande innslag. Bandet bestod av Anders Hammer Rekdal og Edvard- og William Leikanger. Dei skal i juni til Landsfestivalen i Trondheim.
Sonidos del sol som skal til landsfestivalen i Trondheim. Bandet bestod av Anders Hammer Rekdal og Edvard- og William Leikanger.
Tuva Ekroll Riborg / Sande UKM
Etter desse kom mange flotte musikk- og songinnslag. Mellom desse innslaga var tolvåringane Jenny Rovde og Marie Hjelle som framførte Rihanna songen «Diamonds» på ein fin måte. Sandra Rinrada Skrede (12) sin versjon APT var kvikk og fengande.
Duetten Ella Natalie Brekke Oksavik (13) og Leah Dalen Slettestøl (12) framførte ein fin versjon av «Siste dans». Vokalisten Amalie Kristine Voldnes Joksch (13) var ein av dei mange gode songframføringane med «I Love You». Gruppa «The band» spelte «Too Sweet» av Hozier med god vokal av Abelone Knotten og Oda Pedersen Løvøy.
Animasjonsfilmen Finding BoB av Requires Rehab fekk god applaus frå publikum. Med i gruppa bak filmen var Amund Vestnes (15), Einar Refsnes (14), Magnar Torset Vestnes (15), Magnus Sigma Kongen (14) og Olav Torset (14).
Tuva Ekroll Riborg
Kunstutstillinga presenterte kunstverka «Katt i fantasi» av Anna Skoge Petersen (10), og «Drage» av Einar Refsnes (13) og «Fargespel» av Thea Margrete Ristesund Støylen.
"Fargespel" av Thea Margrete Ristesund Støylen
Tuva Ekroll Riborg
"Drage" av Einar Refsnes.
Tuva Ekroll Riborg
"Katt i fantasi" Anna Skoge Petersen
Sande UKM
Ungdommane i Sande var med på å planlegge og arrangere UKM. Dei har lagt ned godt arbeid og utført oppgåvene på ein god måte. Samtidig fekk dei oppleve fellesskapet med ungdommar frå heile Sande.
Arrangørane og media: fv. Åse Refsnes Bonaa, Alida Fylling, Linnea Gulbrandsen, Trine Vestnes,Tirild Gjengedal, Tuva Ekroll Riborg, Marie Aarvik Godø. Fremst Samuel Strand.
Silje S. Mork / Sande kommune
Dei som har hatt ulike roller i arrangementet:
Emma Sætre Nystøyl (Artistvert), Linnea Gulbrandsen (info/sekreteriat), Marie Aarvik Godø. ( Artistvert, Scenearbeider, info/sekreteriat) Samuel Strand (Lyd, Lys, Scenearbeider) Serine Berntsen Gjerde (Artistvert, scenearbeider, info/sekreteriat), Tiril Gjengedal (Info /sekretariat) Trine Vestnes (Info/sekretariat)
Media: Alida Fylling (Fotograf), Justus Gjerde (Kamera), Linni Voldnes (Fotograf), Tuva Ekroll Riborg, (Fotograf, Videoreportasjer)
Konferansier /programleiarar:
Åse Refsnes Bonaa, Serine Berntsen Gjerde, Irisa Phokha, Thea Løvøy, (Også arrangørar)
Under er bilder som ungdommane har tatt:
Mediedeltakar
Tuva Ekroll Riborg var med i mediegruppa og fotograferte og laga videoreportasje undervegs. Ho er også med i ungdomsrådet og dei har også eit overordna ansvar for UKM i Sande. Ho synest det har gått svært bra og at det var kjempegøy.
Tuva Ekroll Riborg
Silje S. Mork / Sande kommune
Ho fortel vidare at for å førebu seg så har dei hatt eit møte for ei veke sidan med omtrent alle arrangørane der vi planla.
-I går kveld sette vi ut stolar og la ut teppe. I dag (på UKM dagen) møtte vi opp klokka 11, og så har vi hatt lydprøve, pizza og leikar. Det har vore kjekt.
Om UKM dagen seier ho:
-Det er mange som melder seg på sjølv om det er ein liten kommune. Det er fordi alle kjenner nokon så dei føler seg trygge på å kome hit og vere med på UKM. Ho synest det er svært fint at folk kan ha ein plass der dei kan vise talenta sine. Det er kjempekjekt med UKM og folk burde melde seg på neste år. Det er verdt det. Du får mange vener og det er så kjekt.
Konferansier
Åse Refsnes Bonaa t.h. var konferansier
Tuva Ekroll Riborg / Sande UKM
Ein annan medarrangør er Åse Refsnes Bonaa, konferansier
-Eg var eigentleg påmeld i mediagruppa. Men det var ein konferansier som mangla så då tok eg på meg jobben i går kveld. Det var litt stressande på starten av dagen, men til slutt så gjekk det heilt fint då!
- I går var vi her og hadde eit møte der vi snakka om kva rolle vi hadde. På UKM dagen var det ein del av førebuinga å intervjue dei som skulle på scena for å planlegge kva vi skulle seie på scena. Synest det gjekk fint i dag og alle var svært flinke , og ho fortel at ho vart heilt rørt då ho såg det siste innslaget med MOVE Dance studio ungdom då ho ikkje hadde sett den dansen før.
Åse er òg leiar i ungdomsrådet. Ho fortel at ungdomsrådet har ei rolle i arrangementet
- Det kjem til å bli eit evalueringsmøte der vi snakkar om det som skjer her, og eg trur det vil bli eit svært positivt møte.
Imponert over innsatsen til ungdommane
Arrangementsansvarlege Elin Almestad og Susanne Worren Hauge er begeistra over innsatsen både til ungdommane som stod bak arrangementet og deltakarane i UKM. Worren Hauge framhevar den rolege stemninga og at deltakarane var trygge på scena. Almestad seier at det har gått heilt knirkefritt og at ungdommane har vore utruleg kjekke og positive, og har verkeleg stått på for at dette skulle bli eit bra arrangement.
fv. Susanne Worren Hauge og Elin Almestad
Silje S. Mork / Sande kommune
-Imponert over programleiarane som løyste rolla si i fellesskap utan ein intensjon om å vere programleiar i utgangspunktet, men så tok dei berre ansvar.
Ho understrekar vidare
-Vi er heldige med det apparatet som er rundt scene, lys og lyd, samarbeid med kulturskulen som er så tett på heile tida. Så er vi svært heldige som klarer å få det til.
Susanne Worren Hauge er også glad for dette og seier at ho trur det er ein smådriftsfordel dei har.
Ungdommen har stått på for å lage ei flott UKM-markering. Takk til alle deltakarar, arrangørar, mediagruppa og programleiarar.