Camilla Auflem Vik - ny rektor for heile skulen i Sande

Camilla Auflem Vik - ny rektor for heile skulen i Sande

Camilla Auflem Vik er tilsett som ny rektor for felles grunnskule og sfo med lokalisasjon ved Gursken og på Kvamsøy.

Camilla Auflem Vik Privat

Hausten 2026 vil ho også vere rektor for Larsnes skule 1-7.  Ho tek til i stillinga 1. august, og vil ha hovedkontor i  Gursken.

Camilla Auflem Vik er ein ekte sandssokning, oppvaksen i Sande, og bur i dag i kommunen saman med familien sin. Ho har god kjennskap til skulekvardagen lokalt.  Ho har i fleire år hatt undervisningsstilling ved Gursken oppvekstsenter, og det siste skuleåret har ho vore rektor ved Larsnes oppvekstsenter. Ho kjem dermed inn i stillinga med fersk leiarerfaring frå skulesektoren. 

– Dette er ei stor og viktig oppgåve for kommunen, og vi er svært glade for at Camilla ha takka ja til stillinga. Ho har stor arbeidskapasitet, er ein tydeleg leiar og har gode visjonar for utviklinga av skulen framover, seier kommunalsjef oppvekst og kultur Lilly Arlen Kvalsund.

Som rektor får ho ansvar for å leie og vidareutvikle eit samla skuletilbod for elevar i Sande kommune.