Bur du i Sande? Då kan du få sletta studielånet ditt

Bur du i Sande? Då kan du få sletta studielånet ditt

Visste du at du kan få sletta delar av studielånet ditt om du bur i Sande kommune? Sande er i sentralitetsklasse 6, og det betyr at du kan søkje om å få redusert studiegjelda di gjennom Lånekassen si ordning for utvalde kommunar.

Kvinnleg student med notatbok og datamaskin - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Dette kan du få

Du kan få sletta inntil 25 000 kroner i studielån per år. Ordninga gjeld for deg som bur i ein kommune i sentralitetsklasse 5 eller 6 – og Sande er ein av dei.

Når kan du søkje?

Dei første som oppfyller vilkåra, kan søkje frå 5. januar 2026 kl. 14. Søknadsportalen er tilgjengeleg på lanekassen.no.

Vilkår for å få sletta gjeld

  • Du må bu i ein godkjent kommune i 12 samanhengande månader.
  • Sande kommune er i sentralitetsklasse 6, og er dermed godkjent.
  • Å bu i kommunen betyr at du både må vere folkeregistrert og faktisk ha bustad her.
  • Du må vere yrkesaktiv i opptjeningsperioden.

Søknadsfrist

Du må søkje innan tre månader etter at opptjeningsperioden er over. Opptjeningsperioden er dei 12 månadene du oppfyller vilkåra.


Les meir og søk på lanekassen.no