Tilskot til inkludering av barn og unge:
Bufdir (barne-, ungdoms og familiedirektoratet) har lyst ut tilskotsmidlar til aktivitetar som er retta mot barn og unge som av ulike grunnar står i fare for å havne i utanforskap. Målet med ordninga er å leggje til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit for meistring og samfunnsdeltaking. Ordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp.
Søknadsfrist for 2025
Tilskotsordninga vil bli lyst ut ei av dei første vekene i oktober, og dei som ønsker å søke om tilskot må vente til det kjem meir informasjon om utlysing for 2025 på Bufdir si nettside.
Retningslinjer og søknadsskjema
- Søkarar må sette seg inn i regelverk og rettleiar til tilskotsordninga.
- Søknader skal sendast inn direkte til Bufdir via søknadsportalen.
- Regelverk, rettleiar, informasjon om søknadsprosessen og lenkje til søknadsskjema ligg på Bufdir sine nettsider.
Gå til Bufdir si nettside for tilskot til inkludering av barn og unge
Kontakt
Søkarar som treng rettleiing eller har spørsmål til søknaden kan kontakte kontaktperson for tilskotsordningane i Sande kommune:
Elin Almestad
Telefon: 47 37 78 95
e-post: elin.almestad@sande.kommune.no
Alle tekniske spørsmål knytt til søknadsskjemaet rettast til Bufdir.