Budsjettframlegget er eit stort dokument som inneheld mykje informasjon.
Her finn du alt frå grafikk og nøkkeltal, plangrunnlag, status og rammevilkår, litt om utviklinga i befolkingstal, hovedtala i budsjettforslaget og gebyrliste - og mykje meir.
Eit viktig kapittel er Kommunen sine tenesteområde der framlegg til budsjett 2026 for dei ulike sektorane er lagt fram.
Gjer deg kjend med framlegget ved å navigere i framlegget - Budsjett 2026 - økonomiplan 2026-2027
Budsjettet syner at Sande kommune har ein særs krevjande økonomi, og at det er behov for å fortsette arbeidet med å justere ned drifta i tråd med inntektene.
Politikarane har ei utfordrande oppgåve når dei skal vedta budsjettet.
Formannskapet si tilråding er slik:
1. Kommunedirektøren sitt framlegg til årsbudsjett 2026 og økonomiplan 2026 - 2029 vert vedteke slik det går fram av framlegget og med dei rammene som det går fram av tabellar og oppstillingar under menypunkt “Budsjettvedtak”.
2. Kommunedirektøren sitt framlegg til «Investeringsbudsjett 2026-2029» vert vedteke slik det går fram av “Investeringar i økonomiplanen”. Sande kommunestyre godkjenner eit samla låneopptak på inntil 9 006 000 kroner, inklusiv 4 000 000 kroner til vidareutlån av startlån.
3. Framlegg til gebyr- og betalingsregulativ for 2026 vert vedteke slik det går fram av “Gebyrliste”.
4. Sande kommunestyre vedtek følgjande forslag til finansielle måltall for økonomiplanperioden 2026-2029:
- Netto driftsresultat i % av brutto driftsinntekter bør vere minimum 1,75 %
- Disposisjonsfondet skal i løpet av planperioden ligge på 4 % av brutto driftsinntekter
5. Dagens skatteøyre vert oppretthalde.
6. Innføring av eigedomsskatt vert utsett til året 2027.
Film - kommunedirektøren presenterer framlegg til budsjett og økonomiplan
Kommunedirektør Renathe Rossi Aglen
Silje S. Mork
Synes du det er vanskeleg å lese store dokument med mykje tal og informasjon.
Kanskje blir det lettare om du ser det på film? Her kan du sjå og høyre kommunedirektøren og økonomileiaren sin presentasjon.
Har du innspel? Høyringssvar og frist
Høyringssvar må vere skriftleg.
Du kan skrive ditt høyringssvar her. Merk med saksnummer 25/954.
Høyringsfrist: 8. desember 2025