Brøyting Gursken/Haugbygda/Gjerdsvika
Sande kommune og fylkeskommunen har i går og i dag tidleg hatt utfordringar med for mykje snø på brøyterodene Gursken, Haugsbygda og Gjerdsvika. Grunna desse utfordringane har kommunen hyra lokalhjelp for betre situasjonen.
Arbeidet er i gong no. Det vert viktig for teknisk sektor framover å unngå at denne situasjonen gjentek seg.
Når det gjeld dei kommunale vegane beklagar Sande kommune ulempene dette har ført til i morgontimane.