Bevegelsesglede og meistring i Haugelia barnehage

Bevegelsesglede og meistring i Haugelia barnehage

Haugelia barnehage ønsker å rose og takke Gursken IL for godt samarbeid. Dei har ved fleire høve fått fotballar og kjegler som barna har hatt stor glede av i utetida. 

I tillegg har dei fått låne mykje av ustyret til Allidretten. Det har vore ein stor suksess og det held både små og store i aktivitet. I følge rammeplanen skal barnehagen bidra til at barna vidareutviklar motoriske ferdigheiter, kroppskontroll, koordinasjon og fysiske eigenskapar.

 

Med tanke på dei økonomiske utfordringane i kommunen er det vanskeleg å finne midlar til å kjøpe inn nye leiker og nytt utstyr. Då er det godt med gode samarbeidspartnarar. Dei bruker kvarandre, og håper og trur at det kjem både barnehagen og idrettslaget til gode. I tillegg bruker dei sjølvsagt også naturen og naturmateriale for at barna skal få vidareutvikle sine motoriske ferdigheiter, men det er alltid kjekt og spanande med litt nytt utstyr.