Besøk på Sande brannstasjon

Besøk på Sande brannstasjon

1.klassingane på besøk på brannstasjonen - Klikk for stort bilete1.klassingane ved Larsnes skule på besøk Sande kommune

Denne veka fekk brannstasjonen eit kjekt besøk då 1.klassingane ved Larsnes skule la turen innom.

Dei nytta litt av skuletida si til å utforske nærmiljøet sitt, og denne dagen var turen altså kome til brannstasjonen.

Dei fekk helse på ein skikkeleg brannmann, og brannbilen var sjølvsagt også spennande å utforske. Vi nytta også høve til å teste ut brannkunnskapen til 1.klassingane – denne var god då dei kunne både nødnummer 110 og viktigheita av å ha røykvarslarar heime. Avsluttningsvis vart 1.klassingane utnemnt som «husets brannsjef», og fekk med seg ei heimelekse der dei i lag med sine føresatte skulle kontrollere røykvarslarane og slokkeutstyret heime.

Sande Brann og Redning oppfordrar med dette også alle andre i Sande til å gjere det same – test at røykvarslarane fungerer og at slokkeutstyret er på plass no før hausten tek tak for alvor!

Brannbilen var spennande å utforske - Klikk for stort bileteBrannbilen var spennande å utforske

Til 1.klassingane seier vi takk for besøket!