Barnehagedagen 2025 - la leiken leve !

Barnehagedagen 2025 - la leiken leve !

Førre veke vart barnehagedagen markert i Gjerdsvika barnehage. I år var det “La leiken leve” som var tema. Sjølv om dei har fokus på leiken kvar dag, prøvde dei no å gjere dagen litt annleis.

I anledning dagen fekk barna prøve seg på forskjellege leikar. Noko var nytt og noko kjende dei til frå før. Det var stas å få kome til frisøren å få seg ein «ny sveis», barna fekk både være frisør og kunde. Vi hadde også kafé der det vart kjøpt både, kaffi, muffins og pizza.

Konstruksjonsleiken inspirerte både til konstruksjonar, mønster og eventyr. Dei yngste leika paralellleikar med bondegardstema og rolleleik i dokkekroken. Små og store hadde ein kjekk dag i lag.

Gjerdsvika barnehage klosser - Klikk for stort bilete Gjerdsvika barnehage
Leik Gjerdsvika barnehage - Klikk for stort bilete Gjerdsvika barnehage
Leik Gjerdsvika barnehage - Klikk for stort bilete Gjerdsvika barnehage