Barnehagar og skular i Sande besøkte Ronja Arena

Barnehagar og skular i Sande besøkte Ronja Arena

Utvendig bilete av Ronja Arena, buss står like utanfor - Klikk for stort bilete Amanda Ramstad/Sande kommune

Sandsøy Idrettslag inviterte barnehagane og skulane i Sande til nye Ronja Arena, fredag 11. september, før offisiell opning. Dagen blei fylt med moro og spennande aktivitetar både i, og utanfor den nye idrettshallen.

Jente får hjelp til å feste klatreutstyr - Klikk for stort bilete Amanda Ramstad/Sande kommune

Merk at ungdomsskulen i Gursken ikkje vart med denne dagen på grunn av plassmangel på ferga, men det jobbast med å få på plass ein erstatningsdag for dei.

Frå rådhuset på Larsnes kunne vi fredag morgon sjå mange born som stod trippande å venta på ferga over til Voksa. Det vart til og med sett inn ekstra ferge for å borna over til aktivitetsdagen, med shuttlebuss frå Voksa til Ronja Arena.

Elevar sit på rekke og ser på klatrevegg - Klikk for stort bilete Amanda Ramstad/Sande kommune

På arenaen vart det fleire aktivitetsstasjonar med roterande grupper i løpet av dagen, slik at alle skulle få prøve alt. 

Det blei blant anna klatring, buldring, padel, badminton og hinderløype inne på arenaen, samtidig som det også var aktivitetar ute, som hestesko-kasting og fotball.

Badminton i hallen - Klikk for stort bilete Amanda Ramstad/Sande kommune

Etter ei god stund med fysisk aktivitet og omvisning, fekk borna litt påfyll av energi med både pølse i brød, fersk frukt og drikke. Det såg ut til å vere akkurat det dei trengde for å nyte den siste stunda før heimreise.

Vi takkar Sandsøy Idrettslag for invitasjonen og engasjementet, det vart ein kjekk og innhaldsrik dag!

Elevar testar hinderløype inne i hallen - Klikk for stort bilete Amanda Ramstad/Sande kommune