Barnehagane fekk kjekt besøk av brannbilen

Barnehagane fekk kjekt besøk av brannbilen

Fredag fekk barna i Haujemarka og Haugelia barnehage spennande besøk av Sande brann og redning. Det vart ein lærerik og morosam dag der barna fekk oppleve litt av kvardagen til ein brannmann. 

Sande brann og redning

Dei som ville, fekk prøve å spyle med brannslangen – til stor glede og begeistring! Ein tilsett i barnehagen stilte sporty opp i regnkle og vart mål for vannstrålen.

Gaute Myhre Holen spyler med brannslangen - Klikk for stort bilete Sande brann og redning
Ein tilsett blir spyla - Klikk for stort bilete Sande brann og redning

Etterpå fekk barna kome inn i brannbilen, sjå utstyret og prøve ekte brannmannhjelm. Besøket skapte stort engasjement og mange smil, og var ei fin anledning til å lære om brannvern på ein trygg og leiken måte.

På vei til brannbilen - Klikk for stort bilete Sande brann og redning
Sande brann og redning
Barna fekk prøve å sitte i brannbilen - Klikk for stort bilete Sande brann og redning