Radiostasjonen Frey og aktiviteten i Oksavika som krigsminne.
I april 1944 vart to nordmenn i engelsk teneste, sette i land på Laupsneset med radiosendar. Oppgåva deira var å starte ei etteretningsteneste med overvaking og rapportering av tysk skipstrafikk i Rovdefjorden. Agentane, med hjelp frå folka i Oksavika etablerte etterkvart ein meldestasjon med hytte i Almefjellet over Oksavika. Tyskarane peila stasjonen og kom til slutt så nær at agentane avslutta oppdraget og retunerte til England 23. januar 1945. Allereide 1. februar slo tyskarane til i Oksavika.
Hytta er i dag rekonstruert av familiane i Oksavik og Herøy Rotary Klubb.
Skilt over Krigsminnet er eit samarbeid mellom grunneigar, kommune og fylkeskommune.
Sande kommune har mottatt midlar til skilting frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Vår lokalhistorikar Olav Myklebust har i samarbeid med Guttorm Oksavik og Sande kommune skreve tekst og utforma skilta.