Avduking av krigsminne i Oksavika 8.mai

Avduking av krigsminne i Oksavika 8.mai

Torsdag 8.mai vart det markert at det var 80 år sidan frigjeringsdagen i Oksavik. Det var avduking av krigsminne, appell ved varaordførar Einar Ekroll og musikk ved HML Varden.

Martin Olai Tødenes og Amund Vestnes avduka krigsminne - Klikk for stort bileteMartin Olai Tødenes og Amund Vestnes avduka krigsminne SIlje S. Mork / Sande kommune

Avdukinga av krigsminnet var ved den nye parkeringsplassen i Oksavika og vart gjort av etterkomarar av gardsfolket i Oksavik,  Amund Vestnes og Martin O. Tødenes. Hornmusikklaget Varden stod for den stemningsfulle musikken med mellom andre « Gud Signe vårt dyre fedreland» og nasjonalsongen.

Hornmusikklaget Varden spelte - Klikk for stort bileteHornmusikklaget Varden spelte Silje S. Mork

I appellen til varaordførar Einar Ekroll understreka han at gardsfolket i Oksavik har gjort ein fantastisk jobb med å stadfeste historia. Elles påpeika Ekroll at det også var veterandagen og verdsette dei mange nordmennene som har tent Norge i utlandet. Einar Ekroll takka også fylkeskommen, Olav Myklebust for tekst og Håkon Vestnes med fleire.

Varaordførar Einar Ekroll heldt appell - Klikk for stort bileteVaraordførar Einar Ekroll heldt appell Silje S. Mork / Sande kommune

Skilt over Krigsminnet er elles eit samarbeid mellom grunneigar, kommune og fylkeskommune. Sande kommune har mottatt midlar til skilting frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Vår lokalhistorikar Olav Myklebust har i samarbeid med Guttorm Oksavik skreve tekst. Sande kommune har teke bilete og samla inn det som mangla, og har samarbeidd med eit trykkeri for å få laga ferdige skilt.

f.v Bjørg Skogen Oksavik, Guttorm Oksavik, Martin Olai Tødenes og Amund Vestnes - Klikk for stort biletef.v Bjørg Skogen Oksavik, Guttorm Oksavik, Martin Olai Tødenes og Amund Vestnes Silje S. Mork

Guttorm Oksavik har vore ein viktig aktør, både som pådrivar og bidragsytar. Han fekk blomar for innsaten og han takka for blomar og oppmerksomheita. Han sa vidare at han hadde sett fram til denne dagen sidan arbeidet med skilt/oppslagstavle var ein prosess som tok tid. Han synest det var flott gjort av fylkeskommunen og kommunen å vere med å synleggjere ein del av det som skjedde i Oksavika i krigsåra. Mange gjorde ein viktig innsats i motstandsarbeidet og besteforeldra til Guttorm Oksavik; Amund og Anna Oksavik og Elias, broren til Amund, og Johanna kona var mellom dei. Guttorm fortalde at dei vurderte det som så viktig å hjelpe dei allierte at dei tok på seg eit stort ansvar med å hjelpe dei to agentane ved radiostasjonen og få dei på plass oppi fjella her. Dei hjelpte dei i ni månader med mat og sånne ting. Vel vitande om risikoen som møtte dei. Dei kom  heim i live, men alle som kom heim var skadde både på sjel og kropp. Kjekt å få synleggjort dette som ikkje vart snakka om då eg vaks opp. Det skulle leggast lok på det som skjedde under krigen. Det skulle gløymast for at dei skulle begynne med nytt mot. Kjekt at folk er interessert i det som skjedde her. Seinast på søndag var der 50 personar frå Ulstein området som sette seg inn i historia i Oksavika.