Arealdelen av kommuneplanen

Arealdelen av kommuneplanen

Sande kommunestyre har i møte den 16.09.25 vedteke ny kommuneplan for arealdelen, avgrensa til byggegrenser mot sjø, offentleg veg, og vassdrag.

Sjø Sande  - Klikk for stort bilete Cecilie Hatløy/Møre media

Grunnlaget for at planarbeidet starta opp, var at tiltakshavarar opplevde at kommunen sine vedtak om løyve til bygningstiltak vart oppheva i samband med klagesaker. Dette som følgje av manglande byggegrenser i kommunen sine planverk. Det vart derfor avgjort å starte opp eit arbeid med å revidere planverket for å rette opp i avdekte manglar knytt til byggegrenser mot sjø, offentleg veg, og vassdrag.

Det vart varsla oppstart av planarbeidet gjennom annonsering og offentleggjering av eit planprogram. Meir om planprogrammet kan du lese i linken til vedtak av planprogram i sak K-100/20

Frå oppstart av planarbeidet og fram til sluttbehandling har det vore gjennomført utgreiingar knytt til havnivå, stormflod og bølgepåverknad, områdestabilitet og trafikkstøy. Ein har vidare nytta kunnskap frå NVE sine datasamlingar som gjeld farevurderingar kring elvar/bekkar og tilsvarande vurderingar knytt til ras/skred.

Nemnde planarbeid vart sluttført gjennom behandlinga av saka i kommunestyremøte av 16.09.25. Meir om kommunestyret si sluttbehandling kan du lese i linken i sak K-97/25

Ein kan finne meir informasjon om kommuneplanen sin arealdel gjennom innsynsverktøy (på følgjande nettside) www.arealplaner.no . Vidare kan ein òg finne informasjon på nettstaden www.sunnmorskart.no , samt på kommunen sine eigne nettsider.