Aktivitetar og møteplassar for flyktningar – og alle andre i kommunen

Aktivitetar og møteplassar for flyktningar – og alle andre i kommunen

Flyktningtenesta har fått midlar frå Sparebankstiftinga Sunnmøre til prosjektet «Fritid og fellesskap». Prosjektet skal bidra til eit inkluderande lokalsamfunn ved å tilby lågterskel aktivitetar og møteplassar for flyktningar i alle aldrar. 

Illustrasjon hender multikulturelt - Klikk for stort bilete iStock

Målet er å styrkje inkludering, sosial deltaking, nettverksbygging og språkpraksis for både barn og vaksne som har kome til kommunen som flyktningar.

Språkkafè onsdag 25. februar 

Dette er eit samarbeid med flyktningtenesta, frivillegheitssentralen  og biblioteket. Her er både innvandrarar  og andre innbyggarar hjarteleg velkomne - “Skal vi drikke kaffi og snakke norsk”

Tid: kl. 16:00-17:30

Stad: Biblioteket

To som sit på kafe og snakker - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Internasjonal kafè laurdag 7. mars

Flyktningar som vertar – desse står for matlaging og servering + aktivitetar. 

Tid:  kl. 12:00-15:00

Stad: «Kroa» (ved ferjeleie på Larsnes)

Susann flyktningkonsulent i SandeLøset  - Klikk for stort bileteSusanne Løset Sande kommune

Vi håper å sjå deg der.