Aktive elevar for TV-aksjonen

Aktive elevar for TV-aksjonen

Tema for TV-aksjonen i år er å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Elevar ved oppvekstsentera på Larsnes og i Gursken var mellom dei som har delteke i skuleløp for å støtte aksjonen. Det var svært god deltaking torsdag 16.oktober med mange ivrige elevar som engasjerte seg for aksjonen og ville hjelpe andre menneske som treng det fordi dei har ei funksjonsnedsetjing.

6. og 7. klasse ved Gursken skule - Klikk for stort bilete6. og 7. klasse ved Gursken skule Silje S. Mork

Kombinasjonen av å bidra til å hjelpe funksjonsnedsette frå land i krig eller fattigdom og samtidig vere aktive saman med eit felles mål. Skuleløpa på Larsnes og i Gursken var prega av god innsats frå deltakarane. Lærarane talde runder og var engasjerte og motiverte elevane som deltok. Elevane støtta også kvarandre, og fleire større elevar motiverte og hjelpte dei mindre elevane under på løpet.

tre jenter som spring og held hand - Klikk for stort bilete Silje S. Mork

 Ved Gursken oppvekstsenter engasjerte rektor seg også ved å delta i løpet som varte ein time. Under, i intervjuet med henne, får vi eit innblikk i arbeidet i forkant av løpet ved Gursken oppvekstsenter, mellom anna tema som var lagt vekt på og engasjementet til elevane.

Skuleløp 2025 - Klikk for stort bilete
Skuleløp i Gursken 2025 jenter som springer - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Lærerane teller runder.  Skuleløp Gursken 2025 - Klikk for stort bilete
To jenter som smiler.Skuleløp Gursken 2025 - Klikk for stort bilete
Skuleløp Gursken 2025 - Klikk for stort bilete
Skuleløp Gursken 2025 - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Rektor Marianne Solbjørg Ose - Klikk for stort bilete
Gut med gul t-skorte spring - Klikk for stort bilete
Jenter som prater i lag - Klikk for stort bilete
Barn som spring - Klikk for stort bilete
barn som spring på  skuleløpet - Klikk for stort bilete
barn som spring på riverplate stadion i Gursken - Klikk for stort bilete
Barn som går i skuleløpet. stor leier liten. - Klikk for stort bilete
Gut smiler og går i skuleløpet 2025 ved Gursken - Klikk for stort bilete
Tre guter som går skuleløp Gursken 2025 - Klikk for stort bilete
barn som spring i forbindelse med skuleløpet i Gursken - Klikk for stort bilete
Jente med lilla genser og jente med rosa genser går i skuleløpet i Gursken 2025 - Klikk for stort bilete
gutter som spring i skuleløpet i Gursken 2025 - Klikk for stort bilete
Gutt med gul skjorte spring - Klikk for stort bilete
Jente med henda i veret - Klikk for stort bilete
Rektor ved Gursken oppvekstsenter Marianne Solbjørg Ose deltok også i løpet - Klikk for stort bilete
jente med lilla genser og jente med rosa genser spring i skuleløpet i Gursken 2025 - Klikk for stort bilete
Gutt som spring - Klikk for stort bilete
6. og 7. klasse ved Gursken skule - Klikk for stort bilete
6. og 7. klasse ved Gursken skule - Klikk for stort bilete
to jenter som var med på skuleløpet i Gursken smiler - Klikk for stort bilete
Rektor ved Gursken oppvekstsenter Marianne Solbjørg Ose - Klikk for stort bilete

Kvifor valde de å delta i TV-aksjonen i år?

Vi har hatt tradisjon for å delta i TV-aksjonen kvart år. Det er noko vi synest er positivt då vi kan bidra til andre og samtidig vere i aktivitet.

 

Korleis har de førebudd elevane på kva TV-aksjonen handlar om?

Vi har tema som handlar om omsorg, respekt og ansvar i PALS, og i tillegg har vi desse tema i  faga elles også.  Vi har brukt eit undervisningsopplegg som er utarbeidd for TV-aksjonen. Dette undervisningsopplegget tek utgangspunkt i korleis menneske med funksjonsnedsetjing opplever kvardagen.

 

Kva betyr det for dykk å kunne bidra til formålet i år; å støtte funksjonshemma i krig og fattigdom?

 Solbjørg Ose tenkjer at det er ei sårbar gruppe som ikkje har så mange som stiller opp for dei. Det er ein vanskeleg situasjon så å kunne hjelpe for oss som har det bra i andre land, det er både godt og viktig.

Kva håpar de elevane sit igjen med etter denne dagen?

Det er noko vi gjer i fellesskap og vi har eit felles mål; elevane gjer noko i lag og er aktive gjennom løpet ogi prosessen både før og etter løpet. Det at elevane ser at dei kan bidra til å hjelpe andre ved å samle inn litt pengar er viktig. Dei kan også følgje med på TV og kan både bli engasjert sjølve og engasjere andre også.

Skuleløp 2025 - Klikk for stort bilete
3 jenter som står i lag Skuleløp 2025 - Klikk for stort bilete
Skuleløp 2025 elevane står på ei rekke - Klikk for stort bilete
skuleløp larsnesto gutar med rød fotballdrakt - Klikk for stort bilete
Skuleløp 2025 Camilla Auflem Vik sei nokre orde til elevane - Klikk for stort bilete
Skuleløp 2025 elevar som spring på bana - Klikk for stort bilete
Skuleløp 2025 jenter som held rundt kvarande - Klikk for stort bilete
Skuleløp 2025 dans  - Klikk for stort bilete
Skuleløp 2025 elevar som spring - Klikk for stort bilete
Skuleløp 2025  - Klikk for stort bilete
Skuleløp 2025 ved fotballbane - Klikk for stort bilete
Skuleløp 2025 bilde av to jenter - Klikk for stort bilete

Rektor ved Larsnes oppvekstsenter, Camilla Auflem Vik, er og svært engasjert, noko ho gav uttrykk for i praten som vi hadde. Nedanfor delar ho tankane sine rundt skuleløpa og TV-aksjonen.

Camilla tenkjer

-at det med skuleløp er ei fin tradisjon for det handlar om å vise elevane at ikkje alle har det slik som dei og det å gjere ein innsats for andre og hjelpe andre er ein svært viktig del av å vekse opp i dag. Borna som går på skule her i dag, har det utruleg mykje betre enn born i mange andre land. Derfor er det viktig å støtte denne aksjonen.

Auflem Vik legg vidare til

- at det er spennande at TV-aksjonen er til forskjellige organisasjonar kvart år for då blir vi kjende med dei organisasjonane og ho understrekar at ho sjølv også lærer mykje av det arbeidet vi har kring TV-aksjonen. Vi legg til rette for at alle skal få delta, og det ho synest er finast at dei store tek ansvar for dei små og at dei heiar på kvarandre. Det er også slik at det ope for å gå og viss nokon hadde hatt rullestol så hadde vi lagt til rette for det, og kort sagt for at alle skal få oppleve meistring.

Camilla understrekar

- at det har vore god respons, elevane kjem heim i dag med lappar med  rundene sine på. Det er opptil støttespelarane å støtte med det dei vil. Ho føyer til at ho synest det er svært fint å ha det på Spleis slik at det blir anonymt. Det er ikkje slik at alle kan gje like mykje, men ved å ha det på Spleis så er det ingen som veit. Så må vi berre yte det vi kan og viss alle støttar litt så blir det ganske mykje til saman. 

Skuleløp ved Kvamsøy oppvekstsenter

Kvamsøy oppvekstsenter har også samla inn til TV-aksjonen ved å gjennomføre løp - dette har vore eit samarbeid mellom barnehagen og skulen på Kvamsøya. Barna har funne seg sponsorar som har sponsa dei med valfri sum per runde.  

Barna sprang mange runder, og viste god innsats for å tjene inn til årets TV-aksjon. Dei samarbeida om å lukkast på tvers av aldersgrupper og det vart ei fin økt for oppvekstsenteret. 

Rektor meiner at det var fint å få til samarbeid mellom barnehage og skule, og små og store gjorde ei god innsats. Det er kjekt å sjå at barna engasjerer seg.

Skuleløp Kvamsøy oppvekstsenter - Klikk for stort bilete
Kvamsøy oppvekstsenterskuleløp - Klikk for stort bilete
Kvamsøy oppvekstsenter skuleløp 2025 - Klikk for stort bilete
Kvamsøy oppvekstsenter skuleløp - Klikk for stort bilete

 

Under finn du Spleis i regi av Gursken oppvekstsenter, Larsnes oppvekstsenter og Kvamsøy oppvekstsenter  til TV-aksjonen 2025.

Spleis - Gursken oppvekstsenter

Spleis - Larsnes oppvekstsenter

Spleis - Kvamsøy oppvekstsenter