ABC-pilotprosjekt i Sande: NaKuHel Sunnmøre har sett i gong helsefremjande tiltak - Sande kommune

ABC-pilotprosjekt i Sande: NaKuHel Sunnmøre har sett i gong helsefremjande tiltak

ABC-pilotprosjekt i Sande: NaKuHel Sunnmøre har sett i gong helsefremjande tiltak

NaKuHel Sunnmøre har starta eit ABC-pilotprosjekt i Sande og Ulstein kommune. Målet er å styrkje den psykiske helsa i lokalsamfunna gjennom aktivitetar, fellesskap og meistring. Prosjektet er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune som del av den nasjonale folkehelsekampanjen ABC for god psykisk helse, i samarbeid med Helsedirektoratet.

Nina Elisabeth Bøe - Klikk for stort bileteNina Elisabeth Bøe Silje S. Mork
ABC for god psykisk helse - Klikk for stort bilete

ABC-modellen byggjer på tre enkle prinsipp:

Gjer noko aktivt, gjer noko saman og gjer noko meiningsfylt.

Desse tre prinsippa er forskingsbaserte og blir brukte i fleire land for å gjere psykisk helse lettare å forstå – og lettare å ta i bruk i kvardagen.

ABC- Gjer noko aktivt - Klikk for stort bileteGjer noko aktivt
Gjer noko saman - Klikk for stort bileteGjer noko saman
Gjer noko meiningsfylt - Klikk for stort bileteGjer noko meiningsfylt

Interkommunalt ABC-nettverk og sosial resept

Gjennom pilotprosjektet vil NaKuHel Sunnmøre etablere eit interkommunalt ABC-nettverk for Sande og Ulstein. Nettverket skal samle frivillige, kommunen og andre aktørar som ønskjer å skape gode aktivitetar og fellesskap.

I tillegg startar NaKuHel eit prøveprosjekt med sosial resept, der helsepersonell kan vise innbyggarar vidare til aktivitetar som fremjar trivsel og fellesskap. Dette blir følgd opp med forsking for å sjå korleis tiltaket verkar i praksis.

Prosjektet skal styrkje lokal innsats

ABC-piloten skal teste ut metodar og verktøy som gjer psykisk helsearbeid meir synleg og tilgjengeleg. Målet er å skape fleire møteplassar, auke helsekompetansen og vise korleis små grep i kvardagen kan ha stor effekt for både enkeltpersonar og lokalsamfunn.

Målgruppa for innsatsen er brei: innbyggarar, frivillige, organisasjonar og kommune.

ABC for god psykisk helse - Klikk for stort bilete

-ABC handlar om å skape trivsel gjennom aktivitet, fellesskap og meining

Nina Elisabeth Bøe som er leiar for organisasjonen NaKuHel Sunnmøre, er og prosjektleiar for ABC-piloten. Ho legg vekt på kor viktig det er å gjere kunnskap konkret i kvardagen:

– Vi vil vise korleis vi kan skape og gjennomføre helsefremjande aktivitetar i kommunen. Målet er at fleire skal få høyre om ABC, forstå korleis dei kan styrkje den psykiske helsa si, og ta små, konkrete grep som gir meir trivsel og meistring i kvardagen. Når vi omset kunnskap til handling, kan vi synleggjere og styrkje moglegheitene for gode fellesskap og aktivitetar – både lokalt og regionalt, seier Bøe.

Sosial resept er til no implementert i 34 land på verdsbasis, men førebels ikkje i Noreg. NaKuHel Sunnmøre sitt prøveprosjekt er det andre her i landet, ved sida av ein pilot ved Røde Kors Hordaland. Bøe fortel at i England, det landet som truleg har kome lengst i utviklinga av sosial resept, blir denne ordninga av fastlegar kalla det mest transformerande, innovative og meiningsfulle verktyet dei har hatt til disposisjon, og ho seier det er svært spanande å få vere med på å drive denne tenkinga framover i Noreg.

NaKuHel Sunnmøre – natur, kultur og helse i samspel

NaKuHel Sunnmøre er ein del av det nasjonale nettverket for natur, kultur og helse. Dei jobbar for å skape gode fellesskap, styrkje frivillig sektor og utvikle aktivitetar som gir meining og glede for alle. I 2025/26 er dei ABC-pilotar i Møre og Romsdal, og Sande er ein viktig del av satsinga.

Her kan du lese meir:

www.abcforgodpsykiskhelse.no

ABC | NAKUHEL SUNNMØRE

Sande kommune

Filmar:

Møre og Romsdal fylkeskommune har laga to filmar som viser enkle grep du sjølv kan gjere for å styrke den psykiske helsa. Filmane er laga med støtte frå Helsedirektoratet for kampanjen ABC for god pyskisk helse.

Film 1: Naboen

Film 2: Gå tur