16.juni - siste formannskaps- og kommunestyremøte før ferien

16.juni - siste formannskaps- og kommunestyremøte før ferien

Formannskapet har møte på føremiddag. Sande kommunestyre skal ha møte denne dagen til ordinær tid.  Møta er opne for publikum. 

Før ordninært kommunestyremøte skal  det vere ein rammekonferanse for kommunestyret  rundt  økonomisk status og framtidige utfordringar  -  frå klokka 11.30 -13.30 

Klokka 13.45 startar ordinært kommunestyremøte.  Møtet er ope for publikum og presse og blir strøyma via Sande kommune sin YouTube-kanal

Klubbe Sande kommune - Klikk for stort bileteKlubbe Sande kommune Silje S. Mork

På saklista til formannskapet står:

  • Fritak frå eigedomsskatt etter §§ 7a og b i eigedomskattelova


På saklista  til kommunestyret står: 

  • Felles økonomikontor for kommunane Herøy, Sande og Ulstein
  • Sande kommune- forslag til nye innsparingstiltak 2026-2029 
  • 1. tertialrapport med budsjettrevisjon 2026
  • Endring i ordninga med betalt matpause for tilsette i Sande kommune
  • Sandetun omsorgssenter sluttrapport
  • Farvannsavgift - innføring i Sande kommune - sluttbehandling 
  • Reguleringsplan Bringsinghaug 02- omlegging av veg, sak 3 
  • Samarbeid om tilsyn av spreidd avløp 
  • Sandsøy, Sande kommune - søknad om typisk turiststad 
  • Fornying av leigeavtaler for fallrettar
  • Lovlegkontroll av kommunestyrevedtak K-48/26
  • Fritak frå eigedomsskatt etter §§ 7a og b i eigedomskattelova

 

Her kan du lese skaspapira til formannskapet.

Her kan du lese sakspapira til kommunestyremøtet.