Stortingsvalet 2025

11.august kan du førehandsrøyste

11.august kan du førehandsrøyste

Frå 11.august og til og med 5.september kan du førehandsrøyste på rådhuset i Sande på Larsnes.

Opningstida er frå 10.00 -15.30.

I tillegg er det langope 4.september frå klokka 10.00 til klokka 18.00 på rådhuset. 

Røyste i andre kommunar

Du kan førehandsrøyste i andre kommunar enn bustadkommunen din heilt fram til og med 5.september. 

Men det er lurt å vere ute i god tid. 

Her kan du førehandsrøyste i nabokommunane våre på søre Sunnmøre til og med 5. september:

Valdagen kan du berre røyste i heimkomunen din.

Slik røystar du

Er det første gong du skal røyste? Er du usikker på korleis ein gjer det ? Tenk gjennom og bestem deg for kva parti du vil røyste på og gjer slik som det blir vist i denne lenka. 

Vi er klar for å ta imot di stemme!