Skadefelling av grågås

Skadefelling av grågås

Skadefelling av grågås skal vere siste utveg dersom grågås gjer skade som er av vesentleg betydning. 

Viltforskrifta vart endra 1. april 2020. 
Søknadar om skadefelling av grågås vert behandla etter kapittel 3. 
 

Vilkår for skadefelling er ifølgje §3-3 i viltforskrifta 
§ 3-3.Vilkår for skadefelling 
Den som har beslutningsmyndighet etter § 3-4 til § 3-6 kan etter søknad gi tillatelse til uttak for å 
stanse eller avverge skade hvis følgende vilkår er oppfylt: 
a. Skaden er eller kan bli av vesentlig økonomisk betydning. 
b. Skadeforebyggende tiltak er i rimelig utstrekning forsøkt, vurdert ut fra hvilke verdier som skal 
beskyttes og kostnadene ved alternative tiltak. 
c. Uttaket rettes mot skadegjørende individ. 
d. Uttaket er egnet til å stanse eller vesentlig begrense skadesituasjonen. 
e. Uttaket ikke truer bestandens overlevelse. 

- Dersom mordyr avlives i yngletiden skal avkommet om mulig også avlives. 

Alle vilkåra må vere oppfylt før det blir gitt løyve til skadefelling. 
Skaden må ha skjedd i inneverande sesong. 
Skadefelling skal vere siste utveg. 
Felling skal ikkje vere bestandsregulerande, men begrense seg til nokre få individ. 
 

Søknad

Her finn du søknadsskjema dersom du skal søke om skadefelling 


Denne informasjonen må vere med i søknaden: 
- gards- og bruksnummer søknaden gjeld 
- kart som viser kvar det er skade 
- tal på dyr som er observert 
- kva vert arealet nytta til 
- kva avbøtande tiltak er prøvd 

 

Ein kan søke heile året.


Søknadane vert handsama slik

Vi reiser på synfaring for å registrere skadeomfanget. 
Det vert berre vurdert løyve til skadefelling av grågås når graset skal haustast til fôr og eventuelt nyttast til beite i del av sesongen. Du får svar på søknaden etter at vi har vore på synfaring. 

Kontakt

Marte Storegjerde
konsulent
E-post
Mobil 46 80 77 71