Røyste heimanfrå

Røyste heimanfrå

Du rett til å førehandsrøyste der du oppheld deg dersom du er sjuk eller ufør og ikkje kan møte opp i eit ordinært røystelokale.

Du treng ikkje å fortelje kvifor du ikkje kan møte opp i eit røystelokale. Berre gi oss beskjed om at du treng å røyste der du er (som oftast vil det vere i heimen).

Gi oss beskjed så tidleg som råd. Torsdag 4. september klokka 12.00 er siste frist for å gi oss beskjed om at du treng å røyste der du er.

Du kan gi beskjed på ein av tre måtar:

  • ring oss på nummeret 70026700
  • send e-post til post@sande.kommune.no 
  • send brev til Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes 

 

Etter at vi har fått beskjed frå deg,  avtaler vi eit tidspunkt der du får røyste.

Denne retten gjeld berre i førehandsrøysteperioden. På valdagen 8. september kan du ikkje røyste heime.