Står du i manntalet? Kven kan røyste?

Står du i manntalet til Sande kommune eller har du flytta etter 30.06.25?
For å kunne røyste ved stortings- og sametingsvalet må du stå i manntalet. Manntalet for Sande kommune vert lagt ut i papirform veke 28 på Sande rådhus. Manntalet vert liggande til ettersyn til og med valdagen.
Har du meldt flytting til ein annan kommune etter 30.06.2025, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Vil du røyste i den nye kommunen, må du gjere det i form av førehandsrøysting i perioden.
Røysterett stortingsvalet:
Norske statsborgarar som
- vil ha fylt 18 år innan utgangen av valåret og som
- er, eller nokon gong har vore, folkeregisterførte som busette i Noreg. Tilsette i diplomatiet eller konsulatstellet og husstanden deira har røysterett sjølv om dei ikkje oppfyller busetjingskriteriet.
Publisert av Elin Rokstad
Publisert 01.07.2025 09:00
Sist endra 07.09.2026 13:15