Står du i manntalet? Kven kan røyste?

Står du i manntalet? Kven kan røyste?

 Står du i manntalet til Sande kommune eller har du flytta etter 30.06.25?

For å kunne røyste ved stortings- og sametingsvalet må du stå i manntalet. Manntalet for Sande kommune vert lagt ut i papirform veke 28 på Sande rådhus. Manntalet vert liggande til ettersyn til og med valdagen. 


Har du meldt flytting til ein annan kommune etter 30.06.2025, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Vil du røyste i den nye kommunen, må du gjere det i form av førehandsrøysting i perioden. 

 

Røysterett stortingsvalet:

Norske statsborgarar som

  • vil ha fylt 18 år innan utgangen av valåret og som
  • er, eller nokon gong har vore, folkeregisterførte som busette i Noreg. Tilsette i diplomatiet eller konsulatstellet og husstanden deira har røysterett sjølv om dei ikkje oppfyller busetjingskriteriet.


 

Kontakt

Tove Cathrine Kvamme
fagleiar politisk sekretariat og arkiv
E-post
Mobil 99 53 13 46