Når ei krise oppstår
Sjølv om ein brann i eit bustadhus er ein krise for dei som mister hus og heim, eller at ein trafikkulukke med eitt dødsfall sjølvsagt er ein tragedie, vil ikkje dette nødvendigvis utløyse behov for kriseleiing.
Det må noko større til, som naudetatane og den enkelte sektor/eining i kommunen ikkje klarer løyse på eiga hand. Hendinga skal altså utfordre viktige samfunnsfunksjonar, og gjerne fleire på ein gong.
Dersom vi held oss til brannar, vil ein brann i fleire hus med stor fare for spreiing kunne gjere at kommunen set krisestab. Tilsvarande ved ei større trafikkulukke, til dømes med ein buss. Den vanlegaste hendingstypa som krev kriseleiing er kanskje naturhendingar, som ras, flaum og sterk vind. Langvarig bortfall av straum og elektronisk kommunikasjon vil også kunne utløyse ei krise
Kommunen sine oppgåver ved krise
For Sande kommune er det eit overordna mål at dei fem bygdelaga i Sande skal vere ein sikker og trygg plass, der folk både vil bu, leve og oppleve.
Kommunen skal ved krise ivareta befolkninga sin sikkerheit og tryggheit. Aktuelle oppgåver kommunen skal handtere vert:
- Kriseleiinga sine oppgåver
- Innhente opplysningar om situasjonen i kommunen •
- Treffe vedtak om tiltak for å hindre / redusere skadar på personar og materielle verdiar
- Prioritere ressursar frå kommunen si side
- Halde kontakt med LRS, eventuelt innsatsleiing, dersom ikkje LRS er etablert.
- Utarbeide og sende ut informasjon til innbyggjarane og media.
- Ved behov iverksette befolkningsvarsel.
- Ved behov etablere evakuerte- og pårørandesenter (EPS).
- Sørge for at nødvendig regulerings- og/eller rasjoneringstiltak vert iverksett.
- Sørge for nødvending rapportering til Statsforvaltar og evt. andre myndigheiter.
Beredskapsarbeidet har 4 hovudprinsipp
- Ansvarsprinsippet: Den organisasjon som har ansvar for et fagområde i en normalsituasjon, har også ansvaret for nødvendige beredskapsførebuingar og for handtere ekstraordinære hendelser på området.
- Likheitsprinsippet: Den organisasjon som ein opererer med under kriser, skal i utgangspunktet vere mest mogleg lik den organisasjon som ein har til dagleg.
- Nærheitsprinsippet: Kriser skal organisatorisk handterast på lavast mogleg nivå.
- Samvirkeprinsippet: Myndigheiter, virksomhetier og etatar har eit sjølvstendig ansvar for å sikre et best mogleg samvirke med relevante aktører og virksomheiter i arbeidet med førebygging, beredskap og krisehåndtering