Klarer du deg i sju dagar utan straum?
Korleis vil du og dine næraste klare dokke om straumen vert vekke over lengre tid, eller du ikkje får handla på ei veke? Straumbrot kan føre til at vatnet i springen, kloakksystemet, medisinsk utstyr, lading av el-bil, betalingsløysingar, internett, mobiltelefon, radio, kjøleskap/frysar og moglegheit for matlaging ikkje fungerer som normalt.
Du kan også lese meir om eigenberedskap på sikkerhverdag.no. Her finn du liste over kva du bør ha i eigenberedskap.
Ta vare på dei rundt deg
Har du ein nabo eller nokon i familien du veit treng litt ekstrahjelp om kriser skulle oppstå? Gi ei hjelpande hand til dei som treng det. Det vil glede både den du hjelper og deg sjølv!