Søkje om plass i skulefritidsordningaLeik Pixabay 15.april er søknadsfristen for SFO-plass ved skulane i Sande. Skulefritidstilbodet følgjer ferie- og fridagar i skuleåret. Det er også tilbod om sommar- SFO for to veker i sommarferien. Sommar - SFO må det søkjast særskilt om på dette søknadsskjemaet. Søknadsfrist 15.april.Du får tildelt plass for eitt år om gongen - du må altså søkje kvart år.Logg inn på foreldreportalen til Vigilo for å søkeLes meir om Vigilo her. SFO på Kvamsøy- samlokalisert med Kvamsøy barnehage SFO start 07.15 - 08.40måndag og torsdag frå 14.50 - 16.30tysdag, onsdag og fredag frå 12.35 - 16.30 SFO på Sandsøy - samlokalisert med Sandsøy barnehage ikkje SFO om morgonmåndag og torsdag frå klokka. 15.15 - 16.30tysdag, onsdag og torsdag frå klokka 13.00 - 16.30 SFO på Larsnes SFO startar kvardag frå klokka 07.10etter skuletid til klokka 16.10 SFO på Gursken SFO er open frå klokka 7.15etter skuletid til klokka 16.15 Sommartilbod ved skulefritidsordninga Det vert gitt SFO-tilbod to veker - veka etter skuleslutt og veka før skulestart om hausten. Tilbodet er ope frå kl 7.30 -15.00. og er ope for alle elevar i Sande som skal gå i 1.-4. klasse til hausten. Borna må ha med eigen matpakke då matservering ikkje ligg inne i tilbodet. Tilbodet blir gitt ved den skulen der det er flest søkjarar.Prisar for sommar-SFO sommaren 2025 Sommar- SFO Tidsrom Ordinær pris Pris med gratis kjernetid Veke 1690 1149 Dag 338 230 VedtekterVedtektene for skulefritidsordninga i Sande - Forskrift av 18. juni sommar-SFO, §7 (PDF, 238 kB) Dette gjeld for opphald i ferie:Opningstida er 07.30-15.00Det er ikkje høve til kjøp av enkle timar i ferieordningaDet er gratis kjernetid også i ferieopphaldDet vert gitt søskenmoderasjon Korleis søkjeHer finn du søknadsskjemaet til sommar-SFO. I søknaden gir du opp kor mange timar du treng. Denne påmeldinga er bindande.Du får svar fortløpande når vi får inn søknaden.Søknadsfrist: 15. april Vedtekter Vedtektene for skulefritidsordninga i Sande (PDF, 238 kB) Kva kostar ordinær plass på skulefritidsordning? 1. - 3. klasse får inntil 12 timar gratis kjernetid per veke frå 01.08.25. Skulefritidsordning - frå 01.08.25 Opphaldstid Pris pr mnd Syskenmoderasjon 30% Syskenmoderasjon 50% Matpengar Diverse inntil 8 t/ v 1560 1092 780 120 inntil 12 t/ v 2340 1638 1170 180 inntil 15 t / v 2925 2048 1463 225 inntil 20 t / v 3900 2730 1950 300 Timepris 120 kr per time Tillegg ved sein henting 150 kr Når får eg svar? Vi vil behandle søknaden din så fort som råd. Du får svar innan 4 veker. Oppseiing og endring av plass Oppseiing gjer du i foreldreportalen til VigiloLes meir om Vigilo her. OppseiingOppseiing eller endring av plass skal skje elektronisk via Sande kommune sitt oppvekstadministrative system. Det er ein månads oppseiingstid rekna frå den 1. i påfølgjande månad. Det skal betalast vanleg foreldrebetaling i oppseiingstida. Dersom plassen vert sagt opp etter 31. mars, må ein betale ut skuleåret. Dette gjeld også om det vert søkt om redusert plass. Vedtektene for skulefritidsordninga i Sande (PDF, 238 kB) Publisert 07.08.2018 15:27 Sist endra 27.03.2025 15:00