Pedagogisk psykologisk teneste - (PPT)

Pedagogisk psykologisk teneste - (PPT)

Oppgåvene til PPT 

PPT samarbeider med og støttar barnehagar og skular i det førebyggande arbeidet, for å gi eit inkluderande tilbod til barn og unge som kan ha behov for tilrettelegging. PPT støttar barnehagar og skular i arbeidet med å legge til rette for det einskilde barnet som har særlege behov. Føremålet er eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod.

PPT hjelper barnehagar og skular med kompetanse- og organisasjonsutvikling, og utarbeidar sakkunnige vurderingar der lova krev det, jf. Barnehagelova § 33 og Opplæringslova § 11-13.

Det førebyggande arbeidet i PPT handlar om å støtte og rettleie barnehagar og skular på å vurdere tiltak så tidleg som mogleg. Målet er at barnehage- og opplæringstilbodet blir så inkluderande og godt tilrettelagt som mogeleg.

PPT kan støtte ein barnehage i arbeidet med å utvikle inkluderande språkmiljø, halde kurs om aktuelle spesialpedagogiske tema, hjelpe å vurdere om eit barn har behov for tilpassing, og å vurdere tiltak som dei bør prøve ut før eventuelt ei melding om behov for sakkunnig vurdering til PPT.

PPT hjelper barnehagar og skular med kompetanse- og organisasjonsutvikling. Kompetanse- og organisasjonsutvikling kan gå føre seg i eit tverrfagleg eller samarbeid på tvers av sektorane, i heile barnehagar og skular, eller på ei avdeling, eit trinn eller ei gruppe.

PPT kan hjelpe til i utviklingsprosjekt på kommunalt nivå. I Sande inneber det arbeid i barnehagane og skulane sine sentralstyrte satsingar på innkludering, lesing, språk og ASK. I tillegg har PPT ansvar for opplæring og oppfølging av kommunalt vedteke satsing på læringsmiljø og betre tverrfagleg samhandling.

PPT er kommunen sin sakkunnige instans, og vurderer behovet i kvart einskild høve. Elevar over 15 år, foreldre, barnehagar, skular og andre tverrfaglege tenester kan ta kontakt med PPT for råd og rettleiing.

Foreldre eller eleven over 15 år må samtykke i tilvising, og barnet eller eleven skal bli høyrt.

Ressursgruppe

I Sande kommune er det etablert ei kommunal tverrfagleg ressursgruppe for barn og unge som PPT er representert i.

Kven kan ta kontakt med PPT? 

Eleven sjølv, foreldre, barnehage eller skule kan ta kontakt med PPT.

Det mest vanlege er at tilmeldinga skjer i samarbeid med skule/ barnehage.

PPT er ei rådgjevingsteneste som er frivilleg, og tilmelding på det einskilde barn er alltid i samråd med foreldre.

PPT kan yte tenester i høve kartlegging og utgreiing av funksjons- og lærevanskar, rådgjeving knytt til pedagogiske tiltak og rettleiing til foreldre, barn og ungdom.

Kontakt info: 

Du inn PPT ved Sande rådhus - Rønnebergplassen 17,  6084 Larsnes

 

Telefonliste Sande PPT
PPT kontoret PPT-leiar
70026785 48894850

 

Korleis søkjer eg?

Tilmelding til PPT kan du ordne sjølv på dette  tilmeldingsskjemaet. (DOCX, 338 kB)

Skulen eller barnehagen kan og ta kontakt med deg for å hjelpe deg med tilmeldinga.

eDialog med PPT 

eDialog er ein sikker kanal å sende informasjon gjennom. Vi oppmodar difor om å bruke eDialog når ein skal sende informasjon til PPT, også når innhaldet ikkje er unnateke offentlegheit.
eDialog gir ein sikker identifikasjon av avsendar.

For å sende oss post via eDialog, klikkar du her.

Kva kostar det ?

Tenesta er gratis.

Kva skjer vidare?

PP-tenesta skal sørge for at det blir utarbeida sakkunning vurdering der lova krev det:

  • for elevar som treng spesialundervisning eller førskulebarn som treng spesialpedagogisk hjelp
  • ved framskynda og utsett skulestart
  • ved fritak frå opplæringsplikta etter opplæringslova § 2-1
  • ved rett til teiknspråkopplæring for elevar og førskuleborn etter oppl lova 2-6 og 3-9
  • for særskilte rettigheiter for blinde og sterkt svaksynte elevar §§ 2-14 og 3-10
  • for rett til særskilt valt utdanningsprogram etter oppl.lova § 3-1


Vi innhentar opplysningar om barnet ved å:

  • samtale med barnet sjølv og samtale med foreldre
  • samtale med barnehage/ skule
  • observere barnet i ulike situasjonar
  • teste barnet med ulike testar, alt etter type vanskar

Vi gir tilbakemelding til foreldre/barn og barnehage/skule om kva slags kunnskap kartlegginga har gitt oss.
 

Kva tiltak er aktuelle?

Det kan vere ulike tiltak som kan vere aktuelle i ulike situasjonar:

  • rettleiing/ tilråding om tilrettelegging for meistring i barnehage/skole
  • rettleiing til heimen
  • vidaretilvisning til 2. linjetenester
  • samarbeid med andre lokale instansar

Kontakt

Aud Helen Tjervåg Øvrelid
PP-rådgjevar
E-post
Mobil 90 81 32 26
Margunn Rekdal
leiar PPT Sande
E-post
Telefon 70 02 67 85
Mobil 48 89 48 50
Eli Rekdal
PP-Rådgjevar
E-post
Telefon 70 02 67 85
Mobil 97 19 74 17
Reidun Auflem Vik
konsulent
E-post
Telefon 48 24 63 05
Mobil 48 24 63 05