Kan flyktningane flytte til anna kommune?
Fleire kommuner blir kontakta av mange flyktningar som ønsker å flytte frå første busettingskommunen før det har gått 5 år.
Ein flyktning må dei første fem åra bu i kommunen vedkommande blei busett i, med mindre vedkommande får jobb i ein annan kommune - og dermed kan forsørge og klare seg sjølv.
Ein flyktning reknast som primærflyktning dei første fem åra han eller ho bur i Noreg. Det er busettingskommunen som har ansvar for busetting, integrering og kvalifisering i desse 5 åra. Treng ein hjelp i forhold til tenester frå flyktningtenesta eller NAV er det busettingskommunen som skal yte slik hjelp. Dette med bakgrunn i at kommunen har gjort avtale med integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) om busetting av flyktningar i den kommunen.
Kommunane fører ein streng politikk rundt busetting av flyktningar, og vil i dei aller fleste tilfella avvise flytting til anna kommune.
Derfor er det viktig at ein MÅ vere sikker på at ein klarer seg sjølv, er økonomisk sjølvstendig, kan skaffe seg eigen bustad, har midlar til depositum og innbu, før ein vel å flytte før det har gått 5 år.
Dersom ein flytter før det har gått 5 år, og har behov for hjelp frå flyktningtenesta eller NAV, må ein flytte tilbake til første busettingskommune for å ha rett til hjelp frå desse teneste ytarane.
Kommunene kan vurdere å akseptere flytting frå andre kommunar dersom vedkomande har ei sterk tilknyting til kommunen. Eksempel på dette kan vere dersom nær familie bur i kommunen. Nær familie betyr kjernefamilie som ektefelle, registrert partner og felles barn.
Busettingskommunen SKAL KONTAKTAST I GOD TID før ein flyttar til anna kommune. Dette gjeld både flytting før det har gått 5 år, og etter det har gått 5 år.
Ta kontakt med flyktningtenesta dersom ein ønsker meir utfyllande informasjon.