Er du uroleg for skulemiljøet?
Informasjon til barn, unge og foreldre om mobbing og rettar (frå utdanningsdirektoratet).
Samarbeid mellom heim og skule
Samarbeid mellom heim og skule er nødvendig og svært viktig i saker som vedkjem eleven sitt skulemiljø. Føresette er representerte i skulemiljøutvala og medverkar på den måten til å fremje gode miljø ved skulane. I tillegg legg skulane til rette for god kommunikasjon med dei føresette i konkrete elevsaker.
Er du uroa for miljøet på skulen, kan du ta kontakt med rektor for å melde frå om dette.
Dersom du ikkje er trygg på at skulen gjer nok for at eleven/ elevane skal ha eit trygt skulemiljø, kan du ta kontakt med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Mobbeombodet i Møre og Romsdal
Mobbeombodet er ei ombodsteneste som skal sikre at barn og unge i Møre og Romsdal får ein trygg og god kvardag i barnehagen og på skulen.
Mobbeombodet kan svare på spørsmål, gje støtte og rettleiing til barn, elevar og foreldre som står i vanskelege situasjoner. I tillegg arbeider mobbeombodet med førebygging og bidreg gjerne med kurs og føredrag på ulike område.
Alle kan ta kontakt med mobbeombodet. Mobbeombodet har teieplikt.
Slik når du oss:
Tlf.: 712 80 433 / 911 40 259
E-post: mobbeombodet@mrfylke.no
Du kan følgje mobbeombodet på Facebook: www.facebook.com/mobbeombodetmr
For meir informasjon om mobbeombodet, sjå www.mrfylke.no/mobbeombodet