Permisjon frå opplæring

Permisjon frå opplæring

Elevane har rett og plikt til å møte på skulen kvar dag, jf. Opplæringsloven § 2-1 Rett og plikt til grunnskoleopplæring.

Permisjon/ søknad om fri


Permisjon frå pliktig grunnskuleopplæring, vert styrt av  Forskrift om elevpermisjon i Sande kommune (PDF, 174 kB)

“ Skulen kan gje permisjon frå pliktig opplæring i inntil ti dagar samanhengande, dersom eleven får ei opplæring som samla sett er forsvarleg jf. oppl.lova § 2-2.”

Den opplæringa eleven går glipp av i samband med permisjon etter forskrifta, har eleven ikkje rett til å få erstatta seinare. Ein permisjon avkortar eleven sin rett til grunnskuleopplæring tilsvarende dei permisjonsdagene ein har fått. Ein kan ikkje rekne med at at skulen vil gi eleven ekstra undervisning for å ta igjen for fråværsperioden, eller at lærarane vil gi eleven et opplæringstilbud / leksetilbud i permisjonstida.

Dersom rektor etter Opplæringslovens § 2-2 og forskrift om elevpermisjon gir avslag på søknaden om permisjon, og dei føresette likevel vel å ta barnet ut av skulen, blir dette registrert som ugyldig fråvær.. Folketrygdloven § 21- 4 tredje ledd; “ Skoler kan pålegges å gi rutinemessige meldinger når elever har fravær som kan skyldes utenlandsopphold. ”

 

Korleis søke om permisjon? 

Bruk foreldreportalen i Vigilo når du søkjer om permisjon.

Rektor behandlar søknaden og fattar enkeltvedtak på bakgrunn av lovverket.