Kva skjer framover?
Sjølv om det no ligg føre politiske vedtak om framtidig struktur, vil det framleis vere eit stort arbeid knytt til planlegging og gjennomføring fram mot oppstart av den nye organiseringa. Kommunen vil arbeide vidare med dei praktiske og pedagogiske løysingane slik at overgangen vert så god som mogleg for både elevar og tilsette.
Det er viktig å understreke at kvaliteten i tilbodet til barna og elevane framleis skal stå i sentrum. Tilsette sit på verdifull kompetanse og erfaring som vil vere viktig i det vidare arbeidet med å utvikle gode fagmiljø og sikre trygge overgangar for elevane. Dette er eit arbeid som må gjerast i fellesskap.
Hovudårsaka for omstruktureringa er økonomiske utfordringar som ikkje er løyste av strukturvedtaket åleine, det er framleis store innsparingar som må gjerast. Administrasjonen legg samstundes gjeldande kommunestyrevedtak om skulestruktur til grunn og arbeider med å gjennomføre dette.
Medverknad og informasjon
Når kvardagen vert usikker, vil behovet for informasjon naturleg nok vere stort, og informasjon kan lett opplevast som utilstrekkeleg. Både arbeidsgivar og tillitsvalde har derfor ei viktig oppgåve i å bidra til tryggleik og forutsigbarheit for tilsette og elevar i tida framover.
Hovudavtalen i KS legg vekt på at dei tilsette og organisasjonane deira skal involverast så tidleg som mogleg ved omstillingar, og at tillitsvaldordninga skal gi arbeidstakarane reell innverknad på organiseringa av arbeidsplassen og utviklinga av arbeidsmetodane.
Ein sentral del av medverknaden skal derfor skje gjennom dei tillitsvalde, som representerer arbeidstakarane i partssamarbeidet. Dei skal få informasjon og reell moglegheit til å påverke før arbeidsgivar konkluderer. Medverknad inneber heller ikkje nødvendigvis semje.
Arbeidstakarorganisasjonar – Intranett Sande kommune