Den økonomiske situasjonen i kommunen, fallande elevtal og behov for ein meir langsiktig og berekraftig skulestruktur gjer endringar nødvendig. I budsjettvedtaket for 2026 låg det inne at ein må gjere noko med organiseringa av oppvekstsektoren.
Kunnskapsgrunnlag
For å sikre eit best mogleg kunnskapsgrunnlag bestilte kommunestyret ei ekstern utgreiing frå Telemarksforsking. Denne, saman med interne analysar og ei brei høyring, har gitt kommunen eit fagleg og politisk grunnlag for avgjerdene i saka.
Oppstart januar 2027
Strukturendringa skulle originalt setjast ut i praksis frå hausten 2026. Høyringsinnspel og administrative vurderingar la til grunn at ei slik endring krev meir tid enn fyrst tenkt, særleg til avklaringar knytt til skuleskyss, finansiering, organisering og gode overgangar for elevar og tilsette. Difor enda det med at det vart fatta eit prinsipielt strukturvedtak frå haust 2026, men at fysisk flytting av elevar vert utsett til januar 2027.
Sjå sakspapira her