Barnehagen skal sørge for at barna har det trygt og godt

Barnehagen skal sørge for at barna har det trygt og godt

Alle som jobbar i barnehagen har plikt til å følge med på at barna har det bra. Dersom ein vaksen ser eller trur at eit barn blir mobba, plaga, eller på andre måtar ikkje har det bra, skal ho eller han alltid:

  • gripe inn og stoppe krenkinga med ein gong.
  • seie frå til styrar i barnehagen.
  • undersøke kva som har skjedd.
  • sette inn tiltak, og lage en plan for å sørge for at barnet får eit trygt og godt barnehagemiljø.

 

Alle tilsette har plikt til å følge med på korleis alle barna i barnehagen har det. Dei skal gripe inn dersom barn vert utsett for krenkingar.  Dette kan for eksempel vere utestengning frå leik, plaging, mobbing, vald eller diskriminering. 

Barnehagen må ha gode rutiner for å følge med. Det skal alltid vere voksne til stades for barna.

Dersom du oppdagar at eit barn ikkje har det bra, må du melde frå til styrar i barnehagen. I alvorlege tilfelle må styrar melde fra til barnehageeiger. 

Dersom eit barn eller foreldra til barnet, seier at barnet ikkje har det bra, må barnehagen alltid undersøke kva som har skjedd. 

Korleis oppdage at eit barn ikkje har det bra?

  • snakke med barna
  • tilsette ser noko eller fangar opp noko i samtalar med andre barn
  • foreldre som melder frå at det har skjedd noko i barnehagen
  • barn som fortel om noko som har skjedd
  • endringar i åtferd hos barn eller i barnegruppa 

Nokre barn blir stille og trekkjer seg tilbake i leiken, medan andre gir tydeleg beskjed når ting blir vanskeleg.

Tilsette har plikt til å gripe inn

Barnehagen skal ha nulltoleranse mot mobbing. Alle som jobbar i barnehagen skal gripe inn med ein gong,  dersom dei ser uønska åtferd. Det kan for eksempel vere utestenging frå leik, mobbing eller slåsskamp. 

Undersøke

Plikt til å undersøke betyr at barnehagen skal undersøke korleis barnet har det. Barnehagen treng ikkje å bevise at eit barn har blitt mobbet eller ikkje har det bra. 

Barnehagen skal finne ut kva som er årsaka til at eit barn ikkje har det bra. Dette er utgangspunktet for å sette inn dei rette tiltaka, for at barnet skal få eit trygt og godt barnehagemiljø.

Barnehagen må lage en plan 

Dersom barnehagen får vite at et barn ikkje har det bra i barnehagen, må dei lage en skriftleg plan for å sikre at barnet får ein trygg barnehagekvardag. I planen skal det stå:

  • kva problem som skal løysast
  • kva barnehagen har planlagt
  • når tiltak skal gjennomførast
  • kven som skal gjennomføre tiltaka
  • når tiltaka skal evalueres

 

Teieplikt og behandling av personopplysningar

Alle som jobbar i barnehagen har teieplikt. 

Korleis førebygge mobbing i barnehagen? 

Barnehagen skal jobbe for å førebygge mobbing og plaging, og skape eit godt miljø der barna trivst. Alle som jobbar i barnehagen må hjelpe barna til å ta vare på kvarandre. Dette gjer barnehagen gjennom planarbeid, gjennomføring og evaluering. 
Her finn du meir informasjon til deg som er barnehageforelder.