Etablere, utvide og godkjenne barnehagar

Etablere, utvide og godkjenne barnehagar

Kommunen er lokal barnehagemynde og har ansvar for godkjenning av og tilsyn med barnehagane i kommunen, både private og kommunale. Barnehagar skal være godkjent før dei kan opne for ordinær drift. Endring av eksisterande barnehagar som følgje av aktivitets- og bygningsmessige endringar, må godkjennast på nytt.  

Kommunen skal sjå til at barnehagen vert drifta i tråd med lov og forskrifter, og at barnehagen sine vedtekter er i tråd med dette. Tilsynet betyr også eit aktivt rettleiingsansvar.  

Kommunen skal sørge for at alle godkjente barnehagar i kommunen mottek offentleg tilskot på ein likeverdig måte. Kommunen skal dekke kostnadar til ordinær drift i barnehagane som ikkje vert dekt av andre offentlege tilskot og foreldrebetaling.

Før ein ny barnehage kan starte opp, skal kommunen som barnehagemynde godkjenne barnehagen etter Lov om barnehager § 14. 

Kommunen avgjer etter søknad om barnehagen er eigna i forhold til formål og innhald. Kommunen kan ved godkjenning sette vilkår for drifta med omsyn til tal på barn, barna sin alder og opphaldstid. Barnehagen er forplikta til å drive verksemda i tråd med gjeldande regelverk. Dette gjeld mellom anna pedagogisk innhald, helse, miljø og sikkerheit.  

 

Krav til søknaden:

 

Når barnehagen er godkjent og i drift, vil kommunen jamleg gjennomføre tilsyn av at gjeldande lov og regelverk vert fylgt. 

Rettleiing
Kommunalt tilskot til private barnehagar
Ny godkjenning av eksisterande barnehage
Godkjenning av ordinær barnehage
Godkjenning av open barnehage
Godkjenning av familiebarnehagar
Søknad
Vedtak
Klage
Nedlegging, skifte av eigar eller andre organisatoriske endringar

Artikkelliste