Søke skjenkeløyve - einskildhøve
Skal du selje alkoholhaldig drikke under eit arrangement som er ope for publikum i lokaler som ikkje har skjenkeløyve, eller utandørs på eit avgrensa område?
Eksempel er festivalar, offentlege arrangement og liknande. I slike tilfelle må du søkje om skjenkeløyve einskildhøve. Alkohollova § 4-5 definerer «en enkelt anledning» som eit arrangement for ein bestemt anledning eller ei bestemt periode.
Krav til søknaden
Søkjar må vere fylt 20 år. Ein person må vere ansvarleg for skjenkeløyvet, og må ha fylt 20 år. Ved nye søkjarar vert vandelsattest frå politiet innhenta. Eit arrangement utandørs krev ein løyve frå grunneigar.
Korleis søke?
Du søkjer ved å bruke det elektroniske søknadsskjemaet for skjenkeløyve, einskildhøve.
Hugs å legge ved den dokumentasjonen som ein søknad krev, slik som teikning over arrangementsområdet og korleis vakthaldet er tenkt ivareteke.
Kva kostar det?
Sande kommune fastset gebyr for einskildløyve:
Saksgang
Dersom alle vilkår er oppfylt, kan du få vedtak om skjenkeløyve same dag. Dersom det må gjerast vurderingar på eit eller fleire punkt, går saka di til manuell handsaming. Det kan då ta inntil 4 veker før du får svar.
Søke skjenkeløyve - ambulerande
Ved lukka arrangement kan ein søkje om ambulerande skjenkeløyve. Øvrige krav er tilsvarande som for einskildhøve. Bruk søknadskjema for ambulerande skjenkeløyve.
Pris
Pris vert regulert kvart år